Låvedans og regnskydiving

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fredag kveld hadde Jon Gjerde sin årlege låvefest på garden Gjerde, som er ein fest for dei frivillige som skal arbeide på Ekstremsportveko. Festen er også meint som ei innsamling for Amnesty, der donasjonskrukka står framme gjennom heile kvelden. Lokale band og DJ-ar inntek også låvescena for underhaldning, og Gjerde sjølv forventar rundt 300 på låvebesøk i løpet av kvelden.

– Dette er først og fremst ein fest som skal skapa merksemd rundt Amnesty og deira arbeid, og i fjor samla me inn heile 50.000 kroner, seier han.

LES OGSÅ: –Ekstremt unytta potensial

Usikker opning
Tradisjonen tru har festen alltid starta med innflyging av ein knippe fallskjermhopparar, men ti minutt før hoppetid fredag kveld tromma regnet på låvetaket medan skodda låg så tjukk at Lønahorgi ikkje var å skimta. Rykta svirra fælt, vert det hopping eller ikkje? Det kan vel ikkje vera mogleg i slikt eit drittver? Morten Nordlie er ein av dei spente tilskodarane, og han fekk A-sertifikat i fallskjermhopping tidlegare på dagen. Han hadde eigentleg tenkt seg ein flygetur før festen, men bakka ut i siste liten.

– Eg hadde tenkt å hoppa i boksaren i dag, men trekte meg då eg såg veret. Om det er nokon som hopper i kveld er det dritkult, men eg skjønar ikkje at dei gidd, seier han.

LES OGSÅ: Her er dei beste Veko-videoane

Ni regnhopparar
Men gadd gjorde dei. Ei lita lufteluke i skoddetaket over Gjerde gard var det som skulle til, og brått dala ni små prikkar ut av flyet. Ein og ein landa dei så godt som utanfor låvedøra, nokon ein smule nærare autovernet enn andre. Tidlegare verdsmeister i freestyle skydiving Nils Predestrup hadde eit smil over heile andletet etter landinga, og han hadde aldri tenkt å trekkja seg sjølv om vêret var usikkert.

– Nei, det er jo tradisjon! Så dei aller fleste var ganske innstilt på å hoppa uansett. No er Veko i gang, seier han.

Nokon tvil var det heller ikkje for Malachi Templeton frå New Zealand, som gav Predestrup ein skikkeleg bamseklem etter at han landa kontrollert midt i bilvegen utanfor låvedøra.

– Det gjekk veldig bra, og eg vart faktisk ikkje så våt heller. Me er jo på Voss, her er alt mogleg! seier han og ler.

LES OGSÅ: Stadig fleire vil fly

Ikkje i tvil
Festverten sjølv var godt nøgd med at festen starta slik han plar gjera.

– Det var verkeleg kjempekjekt, seier Gjerde.

– Men trudde du verkeleg at dei kom til å hoppa i dette drittveret?

– Ja! utbryter han og ler.

– Men eg trur ikkje det var nokon andre enn meg som trudde det.