Ord over grind

Bjarne Bjørnevik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sosiale dyr kalla Aristoteles menneska. Og sant nok, det er vel ein av kjenneteikna våre at me søkjer saman i fellesskap, store som små. Viss ikkje hadde det ikkje vore nokre samfunn, familiar eller vennskapsrelasjonar. Og viss du tenkjer deg om så er det vel slik at me definerer oss sjølve i høve til korleis våre næraste ser oss. Vennskap er ikkje berre ein kjelde til sosial omgang og kjærleik, men også eit haldepunkt som medverkar til å stadfeste vår identitet og biletet me har av oss sjølve. På denne måten har vennar ein annan funksjon enn familie og slekt, fordi dei ikkje har noko medfødd eller sosial forplikting til å setje pris på og verdsetje oss som menneske. Dei har søkt seg til oss og brukar tid på oss utelukkande fordi dei ser verdien i våre kvalitetar som menneske, og har ikkje noko fellesskap med oss i form av slektskap eller familiesamband som skapar ei forventning om samhald.

Likevel går vennskap over. Og det er ofte dei som veks til å bli nærast og mest personleg som fell til grunnen, kor mykje tid ein enn må ha brukt på å forsterke fundamentet for relasjonen. Kanskje kan eit nært vennskap samanliknast med eit babeltårn: over tid byggjer ein relasjonen høgare og høgare opp mot himmelen, til det ein dag fell saman under presset av si eiga tyngd. Over tid kan eit slikt forhold mellom to menneske bli fylt med så mange gjensidige forventningar og krav til kvarandre at grunnen kan klappe saman under ein dersom desse ikkje blir møtt. Og me drøymer om å få oppleve kjærleik som ikkje fordrar og hektar seg til eit vedheng av forpliktingar. Men me gløymer samstundes at eit slikt ønskje i seg sjølv fort endar opp som ei forventning til eit vennskap, og slik blir ringen slutta. Støyen som oppstår øydelegg merksemda og den gode togna som skal prege eit slikt vennskap. Den manglande evna til å kommunisere ønskjer og behov, og skape forståing for desse hjå den andre, skapar ein lydtett vegg av mistru og frustrasjon. Før ein veit ordet av det er det bandet av tillit som før knytte ein så tett saman brote, og fellesskapet ein hadde to-eine er berre eit slør av gårsdag i minnet.

Det verste er å oppleve korleis eit vennskap visnar hen når det ikkje blir dyrka. Det søkk ikkje ned i jorda fordi ein har ein stor og avgjerande krangel, men utandar heller i avstandens tynne oksygenlomme. Som ein fugl fanga i ei luftpumpe som langsamt blir stengt av. Det er ingen som gjer kutt, for bandet blir aldri kappa over. Ein berre sluttar å spinne silketrådar. Og ein kveld når ein sit einsam ved eit bord omgjeven av vennar og kjenner den bitre smaken av øl over lippene, trenger spørsmåla seg fram: Kva for eit bord sit ho ved i kveld? Kven er det som høyrer latteren, kjenner varmen og nikkar mot den glødande irisen i auga hennar no? Einsemda legg den tunge brynja si rundt deg, og du undrar kva for ein Gud det er som har sådd desse stengslemaktene, kven som har reist denne høge muren inni deg. Du legg mobilen attende i frakkelomma. Er inga vits å sende ei melding. Flaskeposten din når ikkje over dette vide havet av oppbrukte ord likevel. Hjelpelaus sit du aleine i fjøresteinane og lengtar etter den andre.

Kanskje stemmer ikkje det engelskmannen John Donne seier om at alle menneske er eit stykkje fastland. Kan hende er det heller slik at me menneske er rutelause kometar og at vennskap med andre er det som oppstår når me ved eit tilfelle kryssar over i kvarandre sine baner. Nokre har det forresten med å seie at menneska som tyder mest for oss er ein del av lagnaden vår. Men om så lagnaden i det heile teke faktisk er reell, så skal ein ikkje vere så snar med å tru at han gjer alt til vår fordel: dersom noko står skrive i stjernene, så kan det vel også vere rita inn i månen si bakside. Den hundgamle tanken om at møtet mellom to menneske er bestemt på førehand, er ein platt hypotese som må ha blitt unnfanga første gongen av amatørmessige filosofar som levde for mange hundreår sidan i det historiske tussmørket, og som også må ha festa sin lit til gamle kjerringar på kosteskaft, astrologi og visdomssteinen som skulle gjere gull av gråstein. Vennskap er noko som oppstår og varer fordi ein gjennom sut og strev byggjer bru over den brådjupe kløfta av subjektive erfaringar, kjensler og tankar som pregar oss alle, og som gjer kvar og ein av oss til ei øy for seg sjølv. Målet med varme og vedvarande vennskap må vere å strekke ut hendene i von om å knyte to drivande øyar saman til eit stykke fastland, trass i alle innbyrdes skilnader som måtte finnast mellom to individ som lenge har vore avskorne frå kvarandre.

Like talande som vårt ønske om fellesskap og nærleik, er vår flykt frå einsemd og isolasjon, desse nærverande ulvane som støtt følgjer i spora våre. Utan det forsvarsverket som ein nær vennskapsrelasjon reiser, dør alle aleine. Samstundes er det først når me står utan vern og er sårbare at me blir råka av livet. Når me må vandre udekt og barbeint set tilværet oss på prøve. Å tru at smerta er ein unntakstilstand og ikkje ein del av det eigentlege livet ditt, er berre bullshit. Stundom lyt me forsone oss med at tap og svik er ein del av den lidingsvegen som me alle må gå kvar for oss. Munnhellet som seier at me mennesket ikkje er matematikk, stemmer trass alt. Dei vennskapane som varer har ingen hemmeleg ingrediens: dei varer fordi du legg deg i selen for det gjennom å radbrekke deg sjølv for å forstå og møte og respektere den andre og sjå kjærleiken den andre byd deg. Og dei blir unike nettopp fordi det er få relasjonar som overlever alle vanskane ein saman møter på vegen, og dei ofra ein må gjere for å overkome desse. Så lyt du heller gje slepp på det du har synda og sinnet du har overfor den andre. Om du ikkje klarte å halde på essensen av det som var godt ved vennskapen og stole på den andre – trass i dissonansen som oppstod – så har du iallfall spela høgt og tapt, om ikkje anna. Og var ho ikkje svaret på lengsleropa dine, så er det ikkje stort anna å gjere enn å vandre vidare og vone at du ein dag får svar frå ein stad bakom blånane.

Først publisert i Magasinett.