Sju av ti gir ikkje pengar til tiggarar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Desse knip mest på lommeboka

Folk flest gir ikkje pengar til tiggarar, viser ei undersøking som Norstat har laga for NRK. Telemarkingane gir mest, mens dei som bur i Finnmark og Møre og Romsdal tviheld mest på lommeboka.

Undersøkinga viser at 68 prosent av dei 1.000 spurte personane ikkje gir pengar til tiggarar. 29 prosent seier dei gir pengar. 3 prosent vil enten ikkje svare på spørsmålet eller oppgir at dei er usikre, melder NRK.

Kvinner er mest gåvmilde. 32 prosent av dei gir pengar til tiggarar. Kvar fjerde mann gjer det same. Menneske over 50 år er meir tilbøyelege enn sine yngre medborgarar til å putte pengar i pappbegera til tiggarane.

LES OGSÅ: Hjelper romfolk – i Romania

Undersøkinga viser også at det er geografiske forskjellar. Dei mest skeptiske bur i Finnmark, Buskerud og Møre og Romsdal. 18 prosent av innbyggjarane i Finnmark og Buskerud gir pengar til tiggarar. På Nordvestlandet svarer 19 prosent det same. I motsett ende av skalaen ligg telemarkingane. 41 prosent av dei gir pengar. I hovudstaden gjer 31 prosent det same.

Folk som stemmer på Høgre (22 prosent) og Framstegspartiet (18 prosent) er mest skeptiske til å gi frå seg pengar. I motsett ende av skalaen ligg Miljøpartiet Dei Grønes veljarar. 69 prosent av dei gir pengar til tiggarar. Seks av ti Raudt-veljarar gjer det same. (©NPK)