– Makrellen kan ete opp silda
– Kom deg ut i båt og fisk opp så mykje makrell du klarer i sommar, oppfordrar forskar ved Havforskingsinstituttet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ein kraftig auke av makrellbestanden kan føre til sildemangel i framtida, fortel forskar Leif Nøttestad ved Havforskingsinstituttet til NRK.
Teorien er at makrellen et opp sildeyngelen, og at sildebestanden er på veg ned.
Makrellen har svømt seg lenger og lenger inn i dei norske fjordane dei siste åra, og forskaren håpar no at mange er ivrige etter å fiske opp arten der dei er i ferien.
– Få makrellen opp. Kom dykk ut i båt og fisk så mykje de klarer i sommar, seier Nøttestad. No skal forskaren leie eit stort internasjonalt makrellprosjekt.
– Vi skal kartleggje makrellbestanden over eit område som er seks gonger så stort som Noregs flateareal, forklarer Nøttestad.
Han er klar på at ingen treng å vere redde for at dei fiskar opp for mykje makrell.
– Det er plenty i havet, seier Nøttestad. (©NPK)