«Eg – Ik, Ich, I»  fekk Heddaprisen for beste barne- og ungdomsførestilling.

mm

Det Norske Teatret og regissør Jonas Corell Petersen fekk prisen med stykket «Eg – Ik, Ich, I» av Oscar van Woensel då dei mest høgthengande teaterprisane blei delt ut søndag kveld.

– Det krev mot å gå nye vegar når ein lagar teater for barn og unge. Men nettopp då er barne- og ungdomsførestillingar på sitt beste. Årets vinnar er ei slik førestilling, nyskapande og grenselaus. I form, språk, innhald og oppbygging er den ein leik med alle elementa i teatret, og leiken – lett og underhaldande – pløyer og vender samtidig opp eit djupt og eksistensielt alvor, heiter det mellom anna i grunngjevinga til juryen.

Årets førestilling gjekk til «Stalker» av Verk Produksjoner.

Olaug Nilsen fekk nynorskprisen til Aksel Waldemars Minnepris.

Trøndelag Teater hanka inn tre prisar då Teater-Noreg heidra seg sjølv med utdeling av årets Heddaprisar.

Sjå kven dei andre vinnarane er her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.44
ANNONSE