– Familie og vener påverkar mest

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Ja, det har eg sjølvsagt tenkt til, svarar Maria Rydland(18), når Framtida spør om ho vil bruke stemmeretten ved haustens stortingsval.    

Kvifor vil du stemme?  
– Fordi eg synest det er viktig at ein engasjerer seg i samfunnet, og at ein gjer sitt for at demokratiet skal fungere best mogleg.  

Er det vanskeleg å finne ut kva parti du vil stemme på? 
– Ja, fordi det er så mange ulike parti å velje mellom.  

Har du lyst til å røpe kva parti du vil stemme på?
– Nei, det vil eg ikkje.  

Kva saker er viktige for deg?
– Skule- og familiepolitikk er viktig, men også miljøpolitikk. Eg synest kollektivtilbodet i Noreg burde bli betre!  

Kven påverkar deg i valet av parti?
– Familie og vener påverkar mest. I tillegg blir ein nok prega av kva media skriv.  

Kjenner du deg igjen i språket til politikarane? 
– Nei, ikkje vanlegvis.  

Føler du politikarane snakkar til deg eller med deg?
– Til meg, fordi eg ikkje alltid er einig i det dei seier.  

Er du oppteken av kven som kjem inn på Stortinget frå ditt fylke?
– Nei, eigentleg ikkje.  

Kven vil du skal vera statsminister etter valet?
– Det vil eg ikkje seie.  

Kva parti meiner du bør sitja i draumeregjeringa di? 
– Det vil eg heller ikkje røpe.  

Dersom du fekk vera statsminister ei veke; kva ville du gjere då?
– Betre skule- og helsevesenet. I tillegg ville eg opna for eit breiare kollektivtilbod.  

Faktaboks

 Namn: Maria Rydland

Alder: 18

Kjem frå: Fitjar

Skule: Kvitsund Gymnas

Hobbyar: Friluftsliv, vener og volleyball.