Har direkte tilgang til data frå Facebook, Google og sju andre store nettgigantar, melder anerkjende aviser.

mm

Det er dei kjende avisene Washington Postog The Guardian som avslører at amerikanske tryggleiksstyresmakter har tilgang til Microsoft, Yahoo, Google, Facebook, PalTalk, AOL, Skype, YouTube og Apple.

Den øvste leiaren for amerikansk etterretning, James Clapper, seier at det etter lova berre er lov til å sjå på data som gjeld personar som ikkje er amerikanske statsborgarar og som ikkje oppheld seg i USA.

Han seier også at det er fleire unøyaktigheiter i avisartiklane, utan å seia meir om kva.

LES OGSÅ: EU vurderer straff mot Google

PRISM
Avisene har fått tilgang til ein 41-siders power-point presentasjon om overvakinga, og skriv at NSA og FBI har direkte tilgang til fleire serverar som gjer at dei kan spora og har kjennskap til så å seia alt ein person gjer på nettet. Dette gjeld både bruk av lyd, video, fotografi, e-postar og nettloggar.

Tilgangen er ein del av det strengt hemmelege programmet for antiterrorisme, PRISM.

PRISM oppstod frå oska etter tryggingsprogrammet til president George W. Bush frå 2007, ifølgje Washington Post.

Til nyheitsbyrået Reuters stadfesta ei amerikansk regjeringskjelde seint torsdag amerikansk tid at programvara som gjer overvakinga mogleg finst, ifølgje NTB. Regjeringskjelda seier at informasjonen frå overvakinga er svært viktig for arbeidet amerikanske tryggleiksstyresmakter gjer for å verna USA mot truslar.

– Programmet vart nyleg godkjent på nytt av kongressen etter ei høyring og ein debatt, seier kjelda.

LES OGSÅ: Microsoft overvaker deg

Tilbakeviser tilgang
Etter at nyheita vart kjent har blant andre Yahoo, Apple, Google og Facebook tilbakevist at dei gir regjeringa direkte tilgang til serverar, system eller nettverk.

– Me gir ikkje nokon regjeringsorganisasjon direkte tilgang til Facebook-serverane, sa Joe Sullivan, tryggingssjefen i Facebook.

– Me har aldri høyrt om PRISM, sa Apple-talsmann Steve Dowling til Reuters.

Gisle Hannemyr, universitetslektor ved Institutt for informatikk ved Universitetet i Oslo, meiner likevel at dokumentasjonen frå avisene verkar solid og overtydande.

– Dette er påstand mot påstand, men dokumentasjonen er så solid at eg langt på veg er overtydd om at dette kan vere eit reelt program for innsamling av etterretningsdata, seier han til NTB.

Han ser fleire problem knytt til denne typen overvaking. Eitt er det «falskt positive», nemleg at analyseprogramma finn fram til mønster som ikkje egentleg er mønster.

Her ved hovudkvarteret til NSA ved Fort Meade i Maryland skal sosiale media bli overvaka. Foto: NSA

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.44
ANNONSE