Europas lengste langrute til fots klar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

E1 er ei samanhengande vandrerute som går frå Nordkapp til Sicilia. Turistforeininga har merkt den norske delen av ruta, som går frå Nordkapp til Femundsmarka.

Meir enn 25.000 timar dugnadsarbeid er lagt ned i arbeidet på norsk side. I sommar står siste etappe gjennom Finnmark klar.

– Dette er ein tursti som kan gåast i sin heilskap eller stykkevis. Her finst det etappar som passar for alle, uttaler styreleiar i Den Norske Turistforening (DNT), Berit Kjøl på Ut.no.

11 ruter
På kryss og tvers, mellom aust og vest, nord og sør, går det til saman 11 merkte vandreruter i Europa. Desse er organiserte gjennom European Ramblers Association, ei samanslutning for europeiske friluftslivs- og vandreorganisasjonar. DNT er ein av dei største aktørane målt i medlemmer og aktivitet.

E-1 blir den lengste ruta når ho i sommar står ferdigmerkt heile vegen frå Sicilia og opp til Finnmark. Langdistanseruta er totalt 8.000 kilometer lang og går gjennom Noreg, Sverige, Danmark Tyskland, Sveits og Italia.

Ruta gjennom Noreg er 2.105 kilometer og er merkt med meir enn 6.000 vardar og merke. Der det er fjell er det brukt steinvardar med den klassiske raude T-en. Der det er skog er det skrive T på stammene. Ein del av ruta er berre forklart på kart. (©NPK)