Vil du lage dokumentarfilm?

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dokumentarfilmverkstaden går føre seg måndag til torsdag i festspelveka,  og er ope for ungdom mellom 16 og 22 år. Møre folkehøgskule vert base for undervisninga, men deltakarane får og boltre seg fritt i nærmiljøet i Ørsta.    

Inspirasjonskjelde er Ivar Aasen sjølv, og ordtaket ”Eit lite ord gjer stundom store verk”.  

Fagkompetanse
Det er filmregissør og produsent Eirik Vaage som skal leie filmverkstaden. Han har master i dokumentarfilm og journalistikk frå Høgskulen i Volda, og driv mellom anna firmaet Frost media.  

– Vi har utstyr til fem grupper, og alle får vise filmane sine på Rokken fredag, seier programansvarleg Karine Munch i Ivar Aasen-tunet, i ei pressemelding. Då vil ein fagjury, leia av Gunnar Strøm, kåre ein vinnar blant filmane.  

Dokumentarfilmverkstaden er eit samarbeid med Trafo, fakultetet for kunstfag ved Universitetet i Agder.  

LES OGSÅ: Filmskaparar med humor

Mangfaldet
Dei nynorske festspela er eit av sju basisarrangement i Språkåret 2013. Med 200-årsjubileet for Ivar Aasen vert det fokus på å feire det språklege mangfaldet i Noreg.  

Torsdag 27. juni opnar Trine Skei Grande dei 21. festspela i rekkja.  

– Grande er ein av få rikspolitikarar som med stort truverde snakkar om språkpolitikk, seier Munch på festspelas heimesider. Under opningshøgtida vert det opplesing av nyskrivne tekstar av festpeldiktarane Sigrid og Guri Sørumgård Botheim og Lars Petter Sveem. Det vert og urpremiere på ny musikk frå folkrock-bandet Hekla Stålstrenga.  

Dei nynorske festspela vert arrangert av stiftinga Nynorsk kultursentrum, og finn stad i Ørsta og Volda 27. til 30. juni.    

Les meir om Den nynorske festspela her!   

Hekla Stålstrenga. Foto: Brynjar Erdahl