– Vulkanutbrot gjorde oss tobeinte

Dermed blei også hjernen større.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette gjorde oss tobeinte

Korleis hadde det seg at apemennesket byrja å gå på to bein? Ei internasjonal forskargruppe trur den auka vulkanaktiviteten skapte eit uvegsamt landskap det var lettast å ta seg fram i på to.

Dermed utfordrar dei den rådande hypotesen som forklarer evolusjonen med klimaendringar. Forskarane har til no meint at det var da dei afrikanske skogane forsvann og vart til savannar for 2,5 millionar år sidan, at forfedrane våre byrja å gå oppreist.

LES OGSÅ: Vinn slaget, men tapar krigen

I ein ny EU-støtta studie lanserer ei internasjonal forskargruppe ein ny hypotese: Det var da vulkanane poppa opp i Aust- og Sør-Afrika fleire millionar år før dette, i pleistocen-tida, at hominin-menneska byrja å gå på to bein. Det steinete og kuperte landskapet med utspring og bratte juv la grunnlaget for den gåande, springande og klyvande atleten vi kjenner, trur forskarane.

– Det ujamne, brotne terrenget var fordelaktig for hominin-menneska ved at det var trygt og gav dei tilgang på mat, men det førte også til at dei vart flinkare til å klatre, klyve, balansere og røre seg lett over ujamn grunn, rørsler som oppmuntra til eit meir oppreist ganglag, seier arkeologen Isabelle Winder ved Universtietet i York i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Bli redd eller døy?

Ho seier at utviklinga kan ha vorte forsterka av at det var andre fordelar ved å gå på to, som at hendene vart frie til å bruke reiskapar. Dessutan utvikla hjernen seg og vart større.

– Det varierte terrenget kan også ha gjort sitt til at hominin-menneska utvikla dei kognitive evnene, til dømes evnene til å navigere og kommunisere, seier Winder.

Studien er publisert i tidsskriftet Antiquity. (©NPK)