Dansk pris til NRK-serien basert på boka til Maria Parr.

mm

NRK-serien «Vaffelhjarte» vann laurdag pris under Nordisk Barne Medie Festival 2013 i Danmark. Prisen dei fekk var for beste fiksjon for barn frå 0 til 6 år. Det skriv avisa Sunnmørsposten laurdag.

TV-serien er basert på boka til Maria Parr frå 2005, og er spelt inn på Goksøyr på øya Runde i Herøy kommune.

Dagni Myrene frå Haddal og Simon Voldsund frå Fosnavåg har hovudrollene i serien, og speler karakterane "Lena" og "Trille".

Frå tidlegare har «Vaffelhjarte» fått prisen for årets beste barne- eller ungdomsprogram i Gullruten, i tillegg til beste fiksjonsproduksjon under ein filmfestival i Tyskland.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.44

Kommentarar

ANNONSE