Klasse 9A ved Ørsta ungdomsskule gjekk til topps i gründercampen med si samling ungdomsprodukt med Ivar Aasen-sitat.

Kjell Arne Steinsvik, Møre-Nytt
Kjell Arne Steinsvik, Møre-Nytt

 

Til saman 19 grupper med kreative elevar har den siste veka arbeidd flittig med å hjelpe lokalt næringsliv. Idear til nye konsept, produkt og løysingar har vorte nøye vurdert gjennom gründercampen, der målet er å kome med beste nyvinninga.

Fredag var det finale på kulturhuset i Ørsta, der alle gruppene skulle vise kva dei hadde pønska ut for sine oppdragsgjevarar.

Etter å ha studert alle påfunna i meir enn ein time, konkluderte juryen med at tre av gruppene gjekk vidare til premiepallen.

På tredjeplass kom gruppa som hadde forska på nye smakar til Snøfrisk-osten, og på andreplass kom elevane som hadde utvikla ein ny Sparebank 1-mobilapp.

Vinnarane av årets gründercamp vart fire elevar i klasse 9A som hadde fått i oppdrag frå Aasen-tunet å lage ein pakke med tre-fire ungdomsprodukt, helst dekorert med relevante Ivar Aasen-sitat.

Elevane hadde då utvikla eit mobildeksel («Keep calm and write nynorsk», «Det som ikkje kjem i dag kan koma ein annan dag.» og «Eit ord i rett tid er betre enn mange andre.»), ei hue («Når hett og kaldt kjem i hop, so jamnar det seg.»), og eit kondom («Det er god leik som ingen angrar.» og «Ein kjem ikkje djupare enn botnen.»).

QUIZ: Kva veit du om Ivar Aasen?

Elev Øyvind Snipsøyr syntest det var gledeleg å nå heilt til topps med produkta.

– Vi hadde ikkje rekna med å vinne, sa han.

– Kva synest de om å ha gründercamp?

– Det er utruleg kjekt å kome ut av det teoretiske og halde på med praktisk arbeid i staden. Då får vi reise rundt og styre oss sjølve.

Formidlar Marita Bett Jensen på Ivar Aasen-tunet er godt nøgd med resultatet.

– Dei har sett saman ein relevant produktpakke, og eg synest dei har fanga sitata veldig godt. At dei passar til produkta, viser at sitata Aasen samla inn er like aktuelle i dag som dei var for om lag to hundre år sidan, seier ho.

– Kjem produkta til å hamne i butikken, slik mange tidlegare gründercamp-produkt har gjort?

– Det er det butikkgruppa som må vurdere.

Les saka i Møre-Nytt!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.44

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE