Inviterer ungdom til å fanga notida på film

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me har fått midlar frå Vestnorsk Filmsenter, fylkesjubileet og Film og Kino til dette prosjektet. Årsaka til at me starta opp med dette er fordi me ynskjer stimulera ungdom til å laga film. Det er viktig å gje dei ein sjanse til dette. og prosjektet kan vera ein varsam start, seier prosjektleiar Ove Eide.

15–19 år

Han seier at fylkesjubileet til Sogn og Fjordane raskt fatta interesse for «Dokument 2013» og kopla seg opp på det.

– Prosjektet er for ungdom mellom 15–19 år som har lyst til å laga film. Meininga er at dei skal laga ein dokumentarisk film på eit minutt kvar, der dei står heilt fritt til å ta opp noko dei er interessert i. Alle dei innsendte bidraga skal syast saman og bli til ein dokumentar som skal ha premiere under Q-filmfestivalen i november, fortel Eide og legg til at dette kortformatet gjer det overkommeleg for mange å vera med.

Tidskapsel

Han seier at målet er at den ferdigklippte filmen skal dokumentera kva ungdom i Sogn og Fjordane er oppteken av i 2013.

– Det er eit veldig spennande prosjekt, både med tanke på at det kan vera med å stimulera filminteressa hos unge, og fordi ein no får eit tidsdokument som ein kan ta fram att om nokre år.

Seminar

For dei som ynskjer, vert unge filmspirer invitert til ein «kick off» for prosjektet neste veke. Dette går føre seg på Sandane 24. og 25. mai, og Eide seier at alle utgifter vert dekte for dei som vert med.

– På dette kurset vert det føredrag, manusarbeid og eit høve til å koma i gang. Ein vil også læra om kamerabruk, korleis ein skal unngå feller, korleis ein skal få idear og teknikk.

Konkurranse

Det vert høve til å vera med på filmkonkurransen sjølv om ein ikkje er med på seminaret. For det er ein konkurranse i prosjektet også.

– Me kjem til å premiera beste film som kjem inn i prosjektet, seier Eide, som også opplyser om at det mellom anna går an å finna informasjon om konkurransen, seminaret, innsending av bidrag og liknande på mellom anna fylkesjubileet sine nettsider.

Les saka i Sogn Avis!