Skule forbyr bestevenner

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forbyr bestevenner

Den ærverdige privatskulen Thomas's private day school i London har gjeve melding med heim til foreldre at elevane ikkje får ha bestevenner på skulen. Det melder avisa The Telegraph.

Rektor Ben Thomas seier at det ikkje er eit offisielt forbod mot bestevenner, men at han støttar ideen. Han meiner særleg jenter knyter så sterke band at dei kan virka ekskluderande på andre.

– Slike altoppslukande vennskap kan vera sårande for dei som blir utestengt frå dei. Slik utestenging kan vera like vondt som fysisk mobbing, seier Thomas.

Først frå borna er 11-13 år gamle meiner han borna er modne nok til å få velja seg bestevenner.

Skulen, som ligg Battersea i sørvest-London, tar opptil 145.000 kroner i skulepengar. Mellom dei tidlegare elevane finn ein Florence Welch, songar i gruppa Florence and the Machine.

LES OGSÅ: Her er det forbod mot kyssing på skulen

Åtvarar
Bestevennforbodet har skapt stor merksemd i britisk presse. Generalsekretær i Det britiske lærarforbundet, Russel Hobby, seier til avisa Daily Mail at han ikkje ser korleis ein kan stoppa folk frå å få sterke vennskapar.

– Me får og mistar venner gjennom heile livet vårt, seier han.

Avisa siterer også skulepsykolog Gaynor Sbuttoni som åtvarar mot at vaksne blandar seg inn i kven barna er venner med.

– Viss dei sluttar å vera venner må dei få kjenna på smerta slik at dei kan læra seg å leva med det, seier ho.

LES OGSÅ: Møter helst venner på nettet

Kva meiner du om bestevennforbodet?