Den nye normalen

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Are Kalvø: Den nye normalen

 

Det var altså ein mann som blei intervjua i ei nyheitssending denne veka. Ein vaksen mann. Han var frå Manchester. Det var utanfor Old Trafford. Han var på gråten. Han hadde nettopp fått vite at Alex Ferguson skulle gi seg som manager for Manchester United. Og han syntest det var både trist og rart. Fordi, som han sa: Alex Ferguson har vore United-manager heile livet mitt.

Sjølvsagt trudde eg at han overdreiv. Men det gjorde han altså ikkje. Han meinte det heilt bokstavelig. Han var født i 1987, fortalde han. Ferguson tok over som manager i 1986. 

Der stod det altså ein vaksen mann på tv og fortalde at Alex Ferguson hadde vore United-sjef lenger enn han hadde levd.

Det er i slike stunder ein tenker på alle dei stakkarane som skal halde talar i konfirmasjonar i tida framover.

Ikkje at eg har noko ønske om å gjere jobben endå verre for deg som skal halde konfirmasjonstale. Du har det tøft nok som det er. Du skal verke moden og livserfaren nok til å gi råd til ungdommen, og du skal samtidig verke ungdommelig nok til å gi råda på ein måte som ikkje får ungdommen til å himle med auga.

Lykke til, seier berre eg.

Så det siste eg vil, kjære konfirmasjonstalar, er å gjere dette endå vanskeligare for deg, men mannen i Manchester minner oss jo om kvifor det kan vere så vanskelig å finne dei rette orda og den rette balansen når du skal snakke til folk som er ein del år yngre enn deg sjølv. Folk som er ein del år yngre enn deg har rett og slett eit heilt anna syn på kva som er normalt, og eit heilt anna syn på kva som alltid har vore som det er no. Og mannen i Manchester var midt i tjueåra, så han er ikkje  ung. Konfirmantar er femten. Deira syn på kva som er normalt, er nødvendigvis heilt perverst.

Dei som er konfirmantar no, har hatt Jens Stoltenberg som statsminister halve livet. For dei er det ikkje verken uvant eller rart at SV sitt i regjering. Dei trur det skal vere sånn. For i deira levetid har det faktisk stort sett vore sånn. Dei har kanskje ei vag aning om at det ein gong fanst ein som heiter Kjell Magne Bondevik, men dei er ikkje heilt sikre på kva han dreiv med, om det var spydkast eller politikk, og om det var for tjue år sidan eller på 1800-talet. Dei trur det er normalt at Strømsgodset ligg i toppen av Tippeligaen. Og dei trur Tippeligaen alltid har heitt Tippeligaen, og at 1. divisjon naturligvis alltid har vore 2. divisjon. Dei trur Drillo er ganske ny som landslagstrenar. For femtenåringar er «Idol» eit tv-program som stort sett alltid har vore der. Som Dagsreyen for oss andre, berre underhaldande. For dei er Margaret Berger ein veteran og Kurt Nilsen ein veldig gammal mann. Dei har kanskje aldri sett ein skrivemaskin, og forstår ikkje heilt kva greia var med fasttelefon. For dei er debattane om tiggarar ikkje opprivande, men eit vårteikn. Og Alex Ferguson har alltid vore United-manager.

Og det er desse du skal snakke til. Og dele din livsvisdom med. Du, som har eit heilt anna syn på kva som er normalt, og du meiner naturligvis at dette synet er det rette. Du, som har komme til det punktet i livet då alt som skjer minner deg om noko som har skjedd før, og du kjenner eit visst behov for å påpeike akkurat det. Litt som Arne Strand.

Du, altså.

Eg seier det igjen: Lykke til.


Stod først på trykk i Aftenposten 11. mai.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!