Kortreist drikke vart god butikk for elevbedrifta Eplepressaradn i VIk.

Eirik Thue, Sogn Avis
Eirik Thue, Sogn Avis

– Me har tent rundt 20.000 kroner på dette, fortel Oddbjørn Hauglum, Sondre Grindedal, Kuta Szwed, Anne Louise Sætre. Elevane frå Feios og Fresvik har hausta eple, pressa ut safta og tappa på flasker.

LES OGSÅ: Vann NM med song, sprell og dans

God smak

Produktet har falle i god smak, og salet har gått strykande.

– I tillegg har me laga logo og ein film om prosessen, forklarer elevane.

Elevane ved skulen i Feios skal bruka pengane dei har fått inn til skuletur.

– Det har vore mykje arbeid, men det har også vore kjekt, konkluderer dei. På messa delte dei ut smaksprøvar i høgt tempo og fekk gode tilbakemeldingar frå elevane som heiv innpå den kortreiste drikka.

Til topps

Eplepressaradn vann prisen Miljø og Bærekraft under messa i Vik. Juryen skriv følgjande om bedrifta: «Innsatsfaktoren i produksjonen er eple som elles ikkje ville bli brukt. Ingen tilsetjingsstoff – berre eplesaft. Kjem inn under «Kortreist mat»-konseptet. Dei nyttar miljøvenleg (resirkulerbar) emballasje (papirkartong og glas)».

Les fleire saker om entreprenørskap her!

Film

Funnybox Productions frå Kaupanger vart kåra til vinnar i klassen «Nyskaping og kreativitet». Juryen grunngjev dette med følgjande: «Heilt ny idé og svært kreative gutar. Dei gjorde alt sjølve, frå idé til manus, regi, filming/produksjon, hadde hovudrollene sjølv, skaffa sponsorar, og marknadsføringsmateriell, laga trailer til filmen sin, ein kunne få tilgang til ved å skanna QR-kode. Og dei hadde lagt ned ein enorm stor eigeninnsats i bedrifta».

Også TF Tema Fest vann pris under messa som best på «Formidling og kommunikasjon». Juryen skriv følgjande: «Dei desidert best førebudde og beste til å formidla alt frå bakgrunn, til idé, til gjennomføring, alt det forretningsmessige, flott stand, gjennomtenkt kledning, fordeling av oppgåver innanfor bedrifta og eigenutvikla logo».

Les saka i Sogn Avis!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.43

LES OGSÅ

ANNONSE