– Lærer mest av gamaldagse lærarar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Gamaldagse lærarar er best

– Det ser ut som om det er nokre klassiske dydar som ikkje heilt bør kasserast, konstaterer professor Søren Winter ved Det Nationale Forskningscenter for Velfærd i København.

Senteret har på oppdrag for Barne- og utdanningsdepartementet i Danmark undersøkt kva for elevar som kan vise til best resultat når dei går ut av grunnskulen.

– Det er nokre element frå tradisjonell undervisningsform, der det er ro i klassen og læraren er leiaren, som ser ut til å ha positiv betydning. Samtidig har vi ikkje kunna finne ei tilsvarande positiv betydning av dei situasjonane der læraren prøver å lage elevstyrt undervisning, seier Winter.

Dei lærarane som skaper gode resultat hjå elevane, målt gjennom avgangsprøvar, gir uttrykk for klare og høge forventningar til dei faglege prestasjonane. Dei gir også mange prøvar og praktiserer samtidig ei sterk leiing av klassen med fokus på å vere punktleg, ro og gode sosiale relasjonar, konkluderer rapporten.

LES OGSÅ: – Gruppearbeid er ein katastrofe

Danmarks Lærerforening meiner at dette ikkje nødvendigvis betyr at ein bør vende tilbake til den gamle skulen.

– Ein må ikkje forveksle klasseleiinga med autoritær undervisning. Klasseleiing betyr at ein leier undervisninga godt og får sett klare mål for elevane. I Danmark er vi nok minst autoritetstrue i heile verda, og det har nokre klare fordelar, meiner nestleiaren i foreininga Dorte Lange. (©NPK)

Kva meiner du gjer den beste læringa i skulen?