Gir glede og meistring til unge

Kristine Askvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nettstaden til stiftinga The Dale Oen Experience var klar. Alexander, bestekameraten Terje og storebroren Robin ynskja å hjelpe barn og unge til å oppleve glede og meistring innan fysiske aktivitetar i naturen. Målet var å setje i gang arbeidet i stiftinga etter OL i London.

Då skjedde det som fekk heile Noreg til å stoppe opp.

Både toppidrett og breidde

Men Robin Dale Oen og Terje Haugen Lie vidareførte det dei tre hadde snakka om og planlagt over fleire år. I september vart dei fyrste aktivitetane satt i gang. Dale Oen Experience rettar seg mot to ulike grupper av born frå barnehagealder og opp til 18 år. Dei har aktivitetar for dei som har behov og for dei som i dag er nest best innan sin idrett, dei som skal verte toppidrettsutøvarar i morgon.

Les meir på deira eigen heimeside!

Frå september i fjor til april har stiftinga arrangert aktivitetar for mellom 6000 og 7000 born og unge. Hovudvekta av aktivitetar er på Vestlandet, men det er òg aktivitetar på Austlandet og Nord-Norge.

Tett oppfølging

– Vi ynskjer å spreie glede, meistring og livskvalitet, seier Robin Dale Oen.

Han understrekar at dei legg vekt på tett oppfølging og at det meir enn 1,5 born per instruktør.

The Dale Oen Experience held gratis aktivitetar for barn og unge. Alt av utstyr, òg klede, vert lånt ut.

– Alle vert kledd opp frå topp til tå. Vi ynskjer at det skal vere mest mogleg likt, og ikkje at nokon skal kome i klede frå Sparkjøp og andre det siste nye frå Norrøna, fortel Dale Oen.

Mange av deltakarane er plukka ut gjennom røystingar på skulen og samarbeid med lærarar. Elevane får beskjed om å stemme på dei elevane som treng ein slik tur mest.

– Den måten å velje ut elevar på har fungert veldig bra, seier Dale Oen.

LES OGSÅ: No kan du studera sportsfiske på høgskule

70 millionar

Alle innsamla midlar til stiftinga går direkte til minnefondet.

– Alle pengane til aktivitet. Til no har vi fått inn 70 millionar kroner, seier Dale Oen.

Både barnevern, politi og helseetatar tek kontakt med stiftinga for å høyre om dei kan gje eit tilbod til born og unge dei kjenner til.

I tillegg til dei gratis aktivitetane arrangerer stiftinga òg aktivitetar for verksemder og privatpersonar, til dømes klatrekurs. Og kommunar kan abonnere på aktivitetar for sine skuleklassar. Slik tener stiftinga inn pengar til drift av arbeidet.

Ser forandring

Haugen Lie fortel kva som har gjort mest inntrykk på dei under arbeidet i stiftinga:

– Det var ein gut som var med oss på tur. Han var veldig utilpass i sosiale settingar. Vi merka at han knapt såg på nokon eller snakka med nokon. Så gjekk vi ein svært hard fjelltur. Dagen etterpå blomstra han. Du såg det i fjeset hans. Han byrja å preike med folk. I ettertid har vi fått vite at han er slik framleis, at han no har fått seg ein venegjeng.

– Kva tenkjer de om det?

– Då er det verdt det. Når vi ser slike positive endringar, sit vi igjen med eit smil minst like breitt som dei sjølve, seier Haugen Lie.

– Vi ynskjer å få fram det beste i ungdomane, la dei alle blomstre på sin måte, seier Dale Oen. 

Stiftinga får telefonar og epostar frå foreldre som lurar på kva ein må gjere for å tenne bål i skogen eller kva som er viktig å ha med når ein skal på tur.

– Ikkje alle veit like mykje om det å vere ute eller det å vere i aktivitet. Det må vi hugse på, seier Dale Oen.

LES OGSÅ: Ber ungdom dra til sjøs

UTE: Her er ei turgruppe på Hardangervidda. – Ikkje alle er vann med å vere på tur. Vi ynskjer at deltakarane skal oppleve meistring og glede, seier Robin Dale Oen.

Les artikkelen på Magasinett!