– Snøen i dag har ingenting å seia, inne i skogen har det ikkje komme eit snøfnugg, seier brannsjef Børge Presthaug om skogbrannfaren.

Henrik Mundal Andreassen, Sunnhordland
Henrik Mundal Andreassen, Sunnhordland

– Kvistar og brake er knusk tørre, nett som bensin, seier Presthaug i morgontimane på Vabakken måndag.

I natt vakna sunnhordlendingane til snø på bakkane. Men i påsken har det til no vore sol, klår himmel og lite nedbør. 

– Ute på bakkane er det framleis tele og ikkje den største brannfaren, men i skogane er det verkeleg brannfarleg.

Les også : – Eksplosiv brannfare i skog og mark

Brannsjefen fortel at det generelt sett er vanskeleg å koma til i skogsområde med tanke på sløkking ved ein eventuell brann.

– Korleis vil du oppsummera brannfaren no?

– Tala seier seg sjølve. Me har opplevd 110 brannar hittil i Hordaland i påsken. I media les ein om brannar overalt, svarar Presthaug som understrekar at bruk av open eld i forbodsperioden kan få store konsekvensar.

– I første omgong er det fare for liv og verdiar. Men det kan også gje økonomiske konsekvensar ved uforsvarleg bruk av open eld.

 Les også : Ver forsiktig med eld!

 – Ein del folk grillar jo i påsken. Kva har du å seia til det?

– Eg ser ikkje den store faren ved bruk av gassgrillar heime hos folk, men eingongsgrillar i skog og mark er også omfatta av forbodet, seier brannsjef Børge Presthaug.

Operasjonsleiar Agnar Austerheim i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt opplyser til Sunnhordland at det sidan 25.mars har vore 9 brannar i distriktet.

– Det er vanvittig, seier Austerheim og fortel om fire melde brannar berre i Sunnhordlandsområdet.

26. mars :
Gras og lyngbrann bak ungdomsskulen på Rubbestadneset i Bømlo. Brannvesenet rykte ut, mindre skadar.

27. mars :
Ørn flaug i høgspent på Teløya i Fitjar, vart drept og starta fyr i området. Brannvesenet rykte ut og fekk sløkt.

28. mars :
Brannutvikling i Brandasund etter fyr i høgspentstolpe. Brannvesen og politi rykte ut, mindre skadar, kraftlaget rykte også ut for å utbetra.

Bråtebrann på Litlabø. Inga utrykking. Personar på staden fekk sløkt med brannslange.

Det er no totalforbod mot bruk av open eld i skog og mark. Forbodet vart i år framskunda til påsken grunna mykje fint vêr og sol.

Opphavleg er forbodet mot open eld i skog og mark mellom 15. april og 15. september.

Les også : 
Ørn i høgspentlinja sette øy i full fyr

Les også : Brann i Brandasund

Les også : – Bruk fjellvett

Bruk av open eld i forbodsperioden kan få store konsekvensar, seier Stord brannsjef Børge Presthaug. FOTO: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.43

LES OGSÅ

ANNONSE