Berte er klar for filmen igjen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

No er Berte Rommetveit klar for rolla som Eva Nordigarden i filmen «Blåtur» med manus av Bjørn Sortland frå Bømlo, som har premiere 12. april.

I filmen spelar ho kjærasten til Vemund Vik, eller Vegar Hoel. Han er kjent som Stian i «United.»

– Endeleg vart me kjærastar, fleipar Rommetveit.

Snille og skumle

Men denne gongen er det ikkje snakk om å vera noko draumekvinne. I traileren viser Rommetveit korleis ein utfører lobotomi. «Det er ein ganske enkel operasjon,» seier rollefiguren som jobbar i eit eventselskap som arrangerer turar der deltakarane ikkje veit kva som skjer. Denne gongen har Silje Vanilje invitert kjærasten Kaspar på tur for å testa han ut. Ein blåtur.

– Eg vil ikkje seia så mykje om rolla eg speler. Men eg kan røpa såpass at dei som ser filmen vil veksla litt mellom kven dei meiner er skumle og kven dei meiner er snille, fortel 35-åringen frå Stord.

Skummel plass

Filmen er spelt inn på Dale Sjukehus på Sandnes. Omgjevnader som kan skremma dei fleste, også Berte Rommetveit.

– Det var ein skikkeleg skummel plass. Det er fire etasjar med tomme rom, og det ser ut som om folk har sleppt det dei har i hendene då dei la ned sjukehuset. Ein får ein skikkeleg Twin Peaks-kjensle når ein er der, fortel ho over ein kopp kaffi.

Kva slags film folk får sjå når dei kjem på kino, har Rommetveit litt vanskar med å bestemma seg for. Det er ein film med drama, karakterar, personlege historier, med thriller som bakteppe. Oppgåva til 35-åringen i filmen er å vera litt rar.

– Eg har brukt Moder Jord-personar som referanse. Dei som alltid smiler lurt til deg, på ein skremmande måte. Dei er det lett å verta skremt av, seier ho.

QUIZ: Prøv deg på den store bok-blir-film-quizen!

I filmen «Blåtur» speler Berte Rommetveit mot Vegar Hoel. Denne gongen er dei kjærastar. I filmen «United» var Vegar Hoel, eller Stian, den slemme bedriftseigaren. FOTO: Filmweb

40-årskrise

Ho såg den ferdige filmen denne veka, medan ho er på påskeferie på Stord.

– Det er ein litt snodig film, på ein positiv måte. Det er ikkje ein romantisk komedie, for å seia det sånn. Filmen er eit friskt pust, og går ikkje berre inn i ein bunke, seier ho.

«Blåtur» er forfattar Bjørn Sortland (44) frå Bømlo sitt første filmmanus.

– Dette er mi 40-årskrise. Medan andre går for blondiner og kabriolet, hadde eg eit ynskje om å laga film, humrar han.

No har han klart kunststykket å få filmen sin sett opp i dei største byane i Noreg. Det vert premiere både i Oslo, Bergen, Stavanger, Sandnes og Haugesund. Og sjølvsagt også på Stord og på Bømlo.

– Eg har hatt nokre heftige ringerundar, og snakka med eit utal kinosjefar, og er veldig glad for å ha fått innpass.

Kontrollfreak

No skal Sortland bruka påsken til å byggja seg opp til premieren.

– Det vert veldig stas. Eg er vanlegvis ein kontrollfreak, men i dette tilfellet så har eg gjeve frå meg stort sett all kontroll over det endelege produktet. Det kan stundom vera sunt.

Sortland er likevel produsent for filmen, og var villig til å gå langt for å få Berte Rommetveit til å kle hovudrolla.

– Mange hugsar henne sikkert frå «United», og har hatt lyst til å sjå meir av henne. Vel – her er ho, seier Sortland.

Ungt crew

Regissør Ivar Aase var berre 21 år gammal då filmen var spela inn, sommaren 2011. Fotograf Andreas Bru Eide var 17.

– Truleg er dette Norges yngste crew. Eg har ein kamerat, Anders Innvær, som underviste på Vågen vidaregåande skule. Han tipsa meg om at Andreas var eit uvanleg talent. Han kjende Ivar, og dermed var me i gang. Det er veldig mange flinke, unge folk i Noreg som vil laga film. Men vonleg er dette ein gjeng som me kjem til å få høyra meir om i framtida, seier Bjørn Sortland.

Les også: Bjørn Sortland heidra på hagefest

Les saka i Sunnhordland!