No ber Jernbaneverket skiløparane om å ta åtvaringane på alvor.

mm

 

– Også i år ser me at det er skispor som kryssar Bergensbana og Flåmsbana, spesielt på strekninga Geilo–Finse. Dette er ein livsfarleg praksis, i tillegg til at det er ulovleg, fortel Inge Hjertaas, kommunikasjonssjef i Jernbaneverket Sør/Vest, i ei pressemelding.

Tek sjansar
Det har vore både dødsulukker og mange tilløp til ulukker på Bergensbana si høgfjellsstrekning grunna skiløparar som tek sjansar ved kryssing av sporet.

– Likevel ser risikoåtferda ut til å halda fram. Me ser med stor uro på dette, då det er umogleg å sperra av jarnbanelinja på mange mils strekning, spesielt no når snøen ligg djupt langs høgfjellsstrekninga. Me er difor avhengige av at folk er ansvarlege og ikkje tek sjansar når sporet skal kryssast. Toget kjem fort og stille, og treng om lag ein kilometer for å stoppa.

Her kan du kryssa
Hjertaas nemner planovergangar, overgangsbruer, undergangar og over tunnelar som stader der sporet kan kryssast trygt.

– I tillegg må me minna om at det er viktig å unngå å koma nær kontaktleidningsanlegget, som fører til straum på over 15.000 volt.

Jernbaneverket samarbeider no med NSB om å spreia den livsviktige bodskapen til påsketuristar som inntek fjellet.

– På stasjonane på høgfjellet finn ein informasjonsplakatar og brosjyrar, og før påske vil ein òg finna informasjon på Jernbaneverket.no, fortel Hjertaas.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.43

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE