Kampen om bordet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

– Katapulten har 12, så lite? Det er champion i dei, så du kan ikkje charge.

Terminologien sit laust medan målebandet strammar seg over slagmarka. I Stord kulturhus er det krig. Kvar laurdag mellom 13 og 16.

Nøyaktig hobby
– No er alt snudd. Han snudde folka sine og fekk sjansen til å samla dei, seier Asbjørn-Heike Hagen.

Dei trillar terningar og dreg fram målebandet att. To millimeter skil no alvane (Elves) til Agersborg frå dei udaude (Undead) krigarane til Hagen.

– Kan det ikkje bli heftige diskusjonar med desse marginane?

– Jo, det kan det, svarar Hagen.

– Med mindre eg har regelboka i nærleiken, seier klubbleiar John Rune Koppang (24).

Vekk frå dataen

Stord Warhammer Klubb tel seks medlemmer. Derav ei jente.

– Det er ikkje så lett å få med seg jentene, seier Asbjørn-Heike Hagen.

– Av ein eller annan grunn er det flaut for vaksne å innrømma at ein leikar med plastikkleiker, seier han.

Asbjørn-Heike Hagen og Jostein Solheim Agersborg brukar måleband for å få spelet så nøyaktig som mogleg. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

 

Glansperioden til fantasispelet Warhammer var på 1990-talet. Sjølv synst dei det er kjekt å kunna sosialisera seg. Heller det enn å sitja med dataskjermen heime. Mesteparten av Warhammer-interessa går faktisk ikkje med på sjølve spelet. Men på samling av dei små plastfigurane, som dei kjøper på nettet. Og på den detaljerte malinga av dei.

– Alt etter kor detaljert ein vil ha det, kan det ta frå ein par timar til ein dag å mala ein figur, seier Svend Ivar Øien Hovin (24).

Spelet kan vara alt frå ein halv time til ei heil helg. Og nokre stader spelar ein gjerne opp mot sju timar i slengen.

Klubbleiar John Rune Koppang i Stord Warhammer Klubb.

 


Kvar laurdag er det krig med plastikkfigurar i Stord kulturhus.

Les saka i Sunnhordland!

Faktaboks

Warhammer Fantasy Battle
* Eit fantasi-brettspel skapt av den britiske spelprodusenten Games Workshop.
* Forutan fantasi, vert det også spelt liknande spel der ein gjenskapar høvesvis Napoleon-krigane og første- og andre verdskrigen.
* Spelet fungerer ved at ein trillar terningar og får resultat alt etter kva type figurar ein brukar og kva verdi terningen får.
* I Noreg er ikkje spelet så veldig utbreidd, men i England vert det mellom anna arrangert skuleturneringar.