Vil laga lakseteater

Bømlo Teater har henta inspirasjon hos Salma-laksen til eit nytt teaterstykke som handlar om livet på eit lakseslakteri.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bømlo Teater har engasjert Nina Sele for å finna ut om ein kan laga teater av det som skjer på eit lakseslakteri. Hans Olav Molde skal i forprosjektet laga musikk av lydar henta frå lakseindustrien.

Dette fortel teatret på eigne nettsider. Under tittelen «Lakselinja, eit teaterstykke verdt?» blir det spurt om det som skjer på lakseslakteriet kan danna grunnlag for eit teaterstykke? Bømlo Teater har engasjert Nina Sele til å finna svaret på dette spørsmålet. Er dette kystkultur, og er dette vår beste integreringsarena? spør teatret.

LES OGSÅ: Ein sjønasjon med skrekk for fisk

Lakseproduksjon blir musikk
Med seg på laget har Sele fått Geir Ersland og Hans Olav Molde.

– Førstnemnde bidreg med flogvit og erfaring frå «laksen», medan sistnemnde skal komponere musikk berre med lydar frå denne industrien, heiter det på nettsidene.

– Lydane og kostyma er henta inn, står det å lese. Torsdag i førre veke byrja prøvene til «Lakselinja» i lokala til Bømlo Teater. Alle medlemmer i teatret blir ønskte velkomne til «eit herrrligt arbeid, der både realisme og surrealisme vil vera hjarteleg til stades i improviseringa rundt definerte problemstillingar».

Frå smolt til trailer
Nina Sele fortel til Bømlo-nytt at ho takka ja med ein gong ho vart spurd om å ta på seg ansvaret for det som så langt berre er eit forprosjekt. Ho tykte det høyrtes spennande ut.

– Me har vore på synfaringar på eit smoltanlegg, på ein merd i sjøen og på fabrikken til Bremnes Seashore i Kvernavika. Hans Olav tok opp lydar alle desse stadene. Mellom anna fekk han med seg fôringslydar frå fiskemerdane, seier Sele. Dei har dermed følgt heile prosessen som oppdrettsfisken går igjennom fram til han blir lasta om bord i trailerane.

LES OGSÅ: Så viktig er fisken for Noreg

Handlingsdrive
Prosjektleiaren fortel at teaterstykket ikkje vil vera tekstbasert. Det er dei fysiske handlingane som driv historia framover.

– No startar prøvene, og me veit ikkje heilt endå kven som blir med. Det vil seie, litt veit me. Dette blir uansett spennande, for dei som blir med vil påverke det endelege resultatet. Det er mange nasjonalitetar i fiskeindustrien på Bømlo, og dette ser det ut til at vil syne att i prosjektet, seier Sele.

Etter planen skal det skipast til ei lukka visning av utvalde scener for medlemene i teateret 12. april. Etterpå skal prosjektet evaluerast. Til slutt blir det endeleg avgjort om teaterstykket blir produsert og eventuelt kva tid det får premiere og ordinære framsyningar for publikum.

Les saka i Bømlo-Nytt!