Vil endra kommune-Noreg
Om åtte år kjem kommunelandskapet til å sjå heilt annleis ut enn i dag dersom Høgre, Frp og Venstre kjem til makta.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Partia meiner det er eit stort behov for større og meir robuste kommunar. Med Høgre-regjering dei neste fire åra blir det mange kommunesamanslåingar. Trond Helleland meiner tida er overmoden, skriv Adresseavisen.
– Den største utfordringa for små kommunar i dag er å trekkje til seg og halde på fagfolk. Det blir for små fagmiljø. Dei små kommunane har størst utfordringar med å handtere tunge rusmisbrukarar, tunge psykiatritilfelle og born med multifunksjonshemmingar, meiner Helleland.
Han anslår at det kjem til å ta seks til åtte år å forme det nye Kommune-Noreg, og alt kjem ikkje til å skje frivillig. Venstre og Framstegspartiet vil òg ha færre og større kommunar.
LES OGSÅ: Ap: – Staten bør presse fram samanslåing
Både SV og Senterpartiet er for ei frivillig linje, medan Arbeidarpartiet opnar for ei hardare linje i det nye partiprogrammet. Partiet vil nekte éin kommune å seie nei til samanslåing dersom nabokommunane ønskjer det. (©NPK)
Er det på tide at staten byrjar å tvinga kommunar til å slå seg saman?