– Skal verte landets beste studiebygd

Fredag møttest representantar frå bulystprosjekt i seks kommunar i Volda. Målet var å finne ut korleis ein skal få folk til å busetje seg i kommunane.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er første gongen idémyldrarane i bulystprosjekta møtes i eit felles møte for å drøfte framdrift, organisering, problem og løysingar. Med på møtet var Marianne Solbakken frå Distriktssenteret og Evivind Vartdal Ryste, seksjonsleiar i fylkeskommunen.

Bulystprosjekta er del av ei stor nasjonal satsing. Det har vore 60–70 slike prosjekt kring om i Noreg dei siste tre åra.
Vil vere best

I Volda heiter bulystprosjektet «StudiebygdA», og har som målsetjing å rekruttere og utvikle kompetanse og byggje sosial og kulturell integrasjon for studentar og innflyttarar.

– Visjonen er at vi skal verte landets beste studiebygd, seier Gunnar Andenes, prosjektansvarleg i Volda kommune.

Han håper å gjennom prosjektet få styrka samarbeidet mellom høgskulen, næringslivet og innbyggjarane i Volda.

– Det er ikkje noko som skjer på eiga hand. Studentane kjem ikkje utan at vi går saman om å utvikle Volda og regionen til ein meir attraktiv stad å busetje seg. Gjennom dette prosjektet skal vi nå ut med meir informasjon om dei kvalitetane og tilboda som fins her, seier Andenes.

– Mellom anna skal vi ha i gong det som går det sosiale og betre samhandlinga mellom studentar og tilsette på høgskulen og resten av lokalsamfunnet. Til dømes ved å få studentane meir med i lag og organisasjonar. Volda er i dag eit litt delt samfunn. Det vil vi bruke dette prosjektet til å gjere noko med. Vi vil også ha fokus på nyetablering av næring. Særleg gjennom kulturfaga som vi arbeider med i kulturnæringshagen skal vi skape ein meir robust og interessant arbeidsmarknad.
Samarbeid

Marianne Solbakken frå Distrikssenteret understreka også kor viktig det er å opprette gode samarbeid gjennom bulystprosjekta.

– Alle prosjekta som har vore samla her i dag er opptekne av korleis ein skal få kopla på dei mest sentrale støttespelarane og samarbeidspartnarane. Greier ein ikkje å kople saman dei ein har tenkt skal vere dei viktigaste partane i prosjektet, har det vore mislykka. I Volda må kommune, høgskule, næringsliv og partar rundt samarbeid om ein skal oppnå eit felles mål. Det er ingen tvil om at Volda er ei studiebygd. Mange prosjekt slit med å vite kven ein er og kva ein vil, men her er ein veldig bevisste på det, og studiestaden har eit godt rykte heilt til Trøndelag. Difor er ein i ein god posisjon til å nå måla ein har sett seg.

Prosjektet StudiebygdA skal avsluttast første halvdel 2014. Då er målet at resultatet av prosjektet skal leve vidare av seg sjølv.

Les saka i Mørenytt!