Stikk i strid med kva bergensk lokalpatriotisme vil ha deg til å tru: byfjella kring Bergen er ikkje det dei gjer seg ut for å vere.

Jarle D. Haukeland, Studvest
Jarle D. Haukeland, Studvest

– Strengt tatt er det berre Løvstakken og Lyderhorn som kan kallast fjell, seier geolog Haakon Fossen om dei sju fjella som omkransar Bergen.

Omgitt av fjell er Bergen ei hole av yrande liv, maskiner og avgassar frå trafikk og peisar, på veg bort frå maset i byen. Klatre lyt dei om dei skal forbi byfjella. Fjella som er redninga for mange halvkvalte og dovne studentar er og dei som heldt avgassane på plass over byen. Det er byen som har skapt dei, så då får byen ta vare på dei. Fjella dei lever sitt eige liv. Fjella er for dei som kjem seg bort. Bort frå bilen. Ut av stova og bort frå peiskosen. Haakon Fossen, geolog og professor ved Universitetet i Bergen er mannen som rokkar ved trua til bergensarane. Men det er ikkje for å provosere at han seier det.

– Det er ingen universell, fast definisjon på kva eit fjell er; det vil alltid vere ei subjektiv vurdering. Verken fjell eller ein haug har ein klar definisjon, men det som skil dei to er heilt klart høgda: Ein fjelltopp skal gå nedover i alle retningar.

Lyderhorn
Med sine 396 meter over havet (m.o.h.) og bratte fjellsider, har Lyderhorn ei historie bak seg som fjell. Tidlegare blei det og nytta som seglingsmerke for skipsfarten. Fossen ser på Lyderhorn, i lag med Løvstakken som dei einaste skikkelege fjella i Bergen.

Lyderhorn er eit fjell som eignar seg best for å gå vår, sommar og haust. Det er farbart vinterstid og, men dei bratte skråningane som dei ulike stiane går opp blir lett dekka med is. Det tek ikkje stort meir enn ein time å karre seg opp til toppen. Om du berre er vand med å gå opp fløyen vil nok Lyderhorn vere hakket meir utfordrande. Lønn for strevet finn du på toppen: utsynet mot havet frå Lyderhorn er betre enn du finn på noko anna byfjell.

Damsgårdsfjellet
Dette er det minste av dei sju kjende. Og med sine 317 m.o.h. ser ikkje Damsgårdsfjellet særleg ruvande ut. Dette er kanskje noko av grunnen til at det er eit av dei mindre kjende byfjella, og minst vitja. Men ein fin tur for dei som er meir glad i skog og mark enn stein og opne landskap, er det likevel. Går du opp frå Melkeplassen og ned i Laksevåg, i tråd med sjufjellsturen, brukar du vel halvannan time. Dessutan får du sett delar av Bergen det er lite truleg du rotar deg bort i elles.

Løvstakken
– Løvstakken er eit godt døme på eit fjell fordi det går ned på alle kantar; tilsvarande med Lyderhorn, seier Fossen.

Med 477 m.o.h. ser Løvstakken ut som eit skikkeleg fjell. Det er òg plassert slik at det skil Årstad frå dei andre bydelane i omkrets. Dette har ført med seg at det finns iallfall seks ulike ruter opp. Sikkert ein del fleire om ein leitar litt i skogen kring fjellet. Estimert tid opp til toppen, frå Danmarksplass, er ein time. Då er det og lagt inn tid for å skli på isen som samlar seg der på vinterstid. På toppen får du kanskje den mest utfyllande utsikta, med uhindra utsikt til dei andre byfjella, bykjerna og dei vestlege bydelane.

Sandviksfjellet
Dette er det nordlegaste av dei sju byfjella, 417 m.o.h., men må ikkje forvekslast med Sandvikspilen som er toppen like ved Stoltzekleiven. Sjølv om sistnemnde nok er betre vitja er det ikkje eit av dei sju byfjella. Sjølv om Sandviksfjellet kanskje ikkje er eit naturleg turmål i seg sjølv, kan ein gjerne stoppe innom og sjå på toppen etter å ha kava deg opp Stoltzekleiven. For å finne ut kor lang tid det tek å kome seg der til, ta persen din opp steintrappa og pluss på 20 minutt. Utsikta kan kimsast av, ein ser Sandviken og Askøy, berre litt dårlegare enn kva ein gjer frå Sandvikspilen.

Fløyfjellet
Fossen er noko forsiktig med å kommentere det mest tilgjengelege av byfjella:

– Eg sa til Bergens Tidende for nokre år sidan at Fløien ikkje er eit fjell, då vart det storm i kommentarfeltet. No får eg vel alle bergensarane på nakken att, for Fløien er meir ei fjellhylle: eit trappetrinn mot sjølve fjellet, som her må bli Rundemannen, seier Fossen.

Turen opp frå sentrum tar ikkje særleg lang tid, ein kan rekne 30 til 40 minutt frå Skansemyren for nå toppen på 400 m.o.h. Turen er fin for dei som vil sjå på turistar. Dersom du er der på rette tida av året kan du òg få eit glimt av bykjerna frå toppen av Fløybana. Men pass på så du ikkje blir trakka på tærna på turen, og ver forsiktig så du ikkje får mjukis på joggedressen din.

Rundemannen
I høve til utsegnet om Fløien modererer geologen seg litt:

– Ei tolking av heile dette området kring Fløien er at det er ein del av eit flatare landskap som vart skjært ned til dalar under istida, seier Fossen.

Rundemannen tek litt lengre å nå enn Fløyfjellet. I retur får du meir fjell og mindre skog. Utsynet frå Rundemannen er òg langt betre enn kva du finn på Fløien, i alle himmelretningar. Dessutan blir denne turen ei langt meir imponerande historie å fortelje enn mjukis-ulukka på Fløien. Turtid på omlag ein og ein halv time på grusveg.

Ulriken
643 m.o.h. er ikkje tilstrekkeleg for at Ulriken kan kronast som kongen av byfjella.

– Av same grunn som Rundemannen er heller ikkje Ulriken eit fjell, sjølv om det ser ut som eit frå sentrum. Det er snarare ei fjellmasse ettersom det strekker seg vidare og ein har eit høgare punkt i Haugsvarden, fortel Fossen.

Ulriken har veldig god utsikt til bykjerna og dei andre byfjella. Det er den høgste toppen blant dei sju og utsikta ser temmeleg bra ut også. Raskaste tid opp Ulriken, frå Store Lungegårdsvann og er 23 min. Det er ikkje med hjelp av Ulriksbana. Skal du på tur set du gjerne av litt lengre tid. På omlag ein time frå Montana er du oppe vel innanfor strålingsrekkevidda til kringkastingsmasta på toppen.

Uansett om det er snakk om eit fjellmassiv, ein haug eller ein fjelltopp, dei ligg der og dei er tilgjengeleg heile tida.

– Byfjella er spektakulere i settingen, måten dei omkransar byen på, meir enn kvart enkelt fjell. Det er heile pakken med fjell frå begge sider av byen, i fleire retningar, som gjer byfjella unike. I tillegg til at ein får dårleg luft om vinteren, seier geolog Fossen. 

Les saka i Studvest!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.42

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE