På jobb for Grand Prix

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Mediaelevane ved Sogndal vidaregåande har hendene fulle i samband med MGP-produksjonen frå Florø.

Fire av elevane er sceneassistentar og to kameraasistentar.

I tillegg har medialinja sju elevar i sving for NRK Sogn og Fjordane på Nett-TV-sendinga med MGP-Lokal frå Flora Samfunnshus fredag kveld. Totalt er dermed 13 medieelevar frå Sogndal i arbeid i Florø.

– Dette er høgkvalitetsopplæring , inspirerande for elevane og ikkje minst ei tillitserklæring å få oppdraga for NRK under MGP, seier fleirkameraansvarleg på Sogndal vidaregåande skule, Johnny Flaten.

Inspirerande
Kamera-assistentane Anders Martin Helle frå Sogndal og Namitha Hjelle frå Aurland tykkjer det er ein inspirerande jobb.

– Det er ingen åttetimersdag, seier Anders Martin og Namitha som reiste til Florø grytidleg torsdag .

Torsdag og fredag har gått med til rigging og prøving.

Anders Martin Helle har også jobba mykje som kameraassistent for Digital Broadcast på Tippeligakampane til Sogndal – og byggjer seg dermed ein CV for framtidig arbeid innan film/TV-produksjon.

– Her er mogelegheitene i Sogndal nokså eineståande.

Les saka i Sogn Avis!