Øl-svolten torsk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fekk sjokk då han opna magen

– Den hadde svelgt ein kvit halvliterboks, fortel faren Jan.

Det var etter at Tønnesen hadde fiska på isen i Førresfjorden like ved holmen at den svært spesielle fangsten kom for dage.

– Det var ein feit og fin fisk og det var tydeleg at den har klart å få i seg næring også etter at den hadde svelgt ølboksen. I tillegg til den glinsande boksen var det også småfisk i magen, seier Jan Tønnesen.

Det har vore ein del folk på isen, men dei kan neppe skryte på seg ein liknande fangst.

– Nei, det er heilt spesielt. Fjorden er rein og dette var nok ein  boks som låg og fløyt og virka lokande på fisken. Det er vel eit varsko om at ein bør tenkje på kva ein hiv på sjøen, seier fiskaren.

Utanom den svære torsken kan isfiskerane melde om gode fangstar både av makrell og av torsk. 

Les fleire merkelege historier her!

Polske ølboksar fungerer kanskje som sluk? Foto: Privat

LES SAKA I TYSVÆR BYGDEBLAD!