I vinden

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

MITT LIV – MINE VAL: Kari er verdsmeister i kiting heile sju gonger, og er unik sidan ho har klart å få tittelen både på snø og vatn. Høgdepunktet i karrieren meiner ho sjølv var i 2009 då ho vann verdscupen samanlagt.

– Det hadde eg aldri drøymt, men det året stemde alt, eit utruleg år eg kjem til å hugse så lenge eg lever.

Ingen A4-jobb

Bakgrunnen hennar er variert. Etter kokkefag på vidaregåande vart det folkehøgskule, idrett grunnfag og mellomfag, og to år på Idrettshøgskolen i Oslo. Seinare studerte ho spesialpedagogikk og vart lærar i både snowboard, alpint og telemark.

– Eg har jobba på ulike kjøkken, som miljøterapeut ved Oslo universitetssykehus og med unge som har rusproblem. Eg har tømt søppel, målt kontainere, naust og hus, demonstrert varer i butikk, ja alt som gav pengar til at eg kunne konkurrere.

– Det er ingen A4-jobb å vere kitar?

– Nei, det er ikkje det. Det er eigentleg jobb døgnet rundt. Og det er ikkje berre å trene og ha det gøy, det er like mykje jobb på dataen. Det er mykje ein skal svare på, ein skal redigere bilete og film, søkje om sponsormidlar, oppdatere nettsidene, bestille hotell og mykje meir.

I tillegg til å reise verda rundt for å kite driv Kari Schibevaag firmaet Schibevaag der ho sel sjølvdesigna huer. Draumen er å kunne leve av den butikken når livet som kitar er over.

LES OGSÅ: Rådgjevaren

Nye mål

– Kvifor kiting?

– Eg elskar vatn og snø, fjell og strender. Så når eg byrja å kite var det naturleg å byrje med begge deler. Ein sesong er ikkje komplett om den ikkje består av vinter og sommar.

Etter å ha satsa på handball og pådratt seg fleire operasjonar i kneet måtte det forandring til. Nokre luftige kite-bilete inspirerte henne til å starte opp.

– Eg likar å vere i aktivitet, og elskar å presse meg sjølv. Når eg er i vatnet er eg alltid ivrig på å lære meg noko nytt, og prøve å bli betre. Eg trur det som inspirerer mest er draumen om å bli betre, eg vil bevise for meg sjølv at det går an.

– Det er eit kick når du meistrar noko nytt, det kan vere alt frå å klare eit nytt triks, til å takle vanskelege forhold.

– Kva er det som driv deg vidare?

– Å få lov til å vere ute og å vere i aktivitet. Eg konkurrer mot meg sjølv og likar å presse meg. I tillegg elskar eg å reise og oppleve nye ting.

LES OGSÅ: Designblikk

Livet er kort

Kari meiner sjølv ho set høge forventningar til seg sjølv.

– Eg har alltid eit mål eg ynskjer å oppnå, og det føler eg er viktig for å ha motivasjon til å jobbe vidare.

– Kva er det som påverkar vala våre?

– For meg vart det viktig å gjere det som gjorde meg glad. Eg jobba i tre år før eg fann ut at eg ikkje likte det eg gjorde. Eg måtte kome meg vekk, og slik fann eg kitinga. Men eg forstår det er lett å gå inn i det normale med jobb, hus og bil. Men passar det ikkje for deg må du høyre på deg sjølv og ikkje på dei som er rundt deg. Livet er for kort til det.

– Er du modig?

– Nei, ikkje modig. Eg berre fann ut at eg ikkje passa inn i eit A4-liv. Eg har testa det og det fungerte ikkje for meg. Men modig er eg ikkje, heller ikkje uredd. Eg har høgdeskrekk og er redd for dyr, sjølv om eg likar å utfordre den redsla også.

For 10 år sidan var Kari sikker på at ho 10 år seinare hadde mann, barn og hus. No veit ho at alt i framtida ikkje ser ut som ein planlegg.

– Men eg håpar eg har eit hus på Jæren eller i Lofoten om 10 år, og at eg kosar meg der. 

Les saka i Magasinett!

Sjekk ut nokre av kite-videoane hennar under:

Kari Schibevaag home in Norway from kari schibevaag on Vimeo.