Høve til å vera kreativ og det å kunne gjere ting på sin måte, er noko av det Jostein Venås set pris på med film som kunstform.

– Eg har ein draum om å leve av film, men om det er mogeleg eller om eg må ha ein annan jobb i tillegg, det er uvisst, seier Jostein Venås.

18. åringen frå Hemsedal skipa firmaet Venaas film, så fort han hadde høve til å registrere seg i Brønnøysundregisteret. No filmar han konsertar og arrangement, i tillegg til å digitalisere gamle filmar og bilete.

– Film vart ein hobby i 7. – 8. klasse. Det verka så spanande, og så likar eg at det er så mykje forskjellig å drive med, forklarar Jostein.

LES OGSÅ: Designblikk

Finne marknaden
Ein del av verksemda er å digitalisere gamle videokassettar og lysbilete.

– Det er moro å kunne redde gamle filmklipp, sikre videokassettane av borna og gje folk høve til å sjå at filmar dei ikkje har sett på mange år,  forklarar Jostein.

Han trur absolutt det er ein marknad for slik digitalisering, og at utfordringa ligg i å finne denne.  

Fridom
– Eg likar fridomen i det å filme. Til dømes på konsertar, for sjølv om ein veit kva som skjer, kan  ein slik film gje mange ulike resultat, alt etter kva verktøy ein brukar. Eller å filme skikøyring, der eg kan eksperimentere, forklarar Jostein.

Det var fetteren som inspirerte Jostein til å byrje med film, og som gav han dei grunnleggande kunnskapane. Seinare har han prøvd seg fram på eigen hand, og han har henta tips og triks frå internett.

– Å ikkje gjere alt etter boka er viktig. For meg er det fint å kunne gjere ting på min måte, avsluttar Jostein Venås.

Sjå ein av filmane han har laga:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.41

LES OGSÅ

ANNONSE