Kva er dette?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

  Nei, det er ingen ufo! Fenomenet kallast nemleg «istallerken».  

Ein av Sogn Avis sine lesarar sendte oss nyleg dette spesi­elle naturbiletet, som er teken i elva ved Jostedal, ved Alsmo.  

– Dette var utruleg vakkert, eier førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogndal, Torbjørn Dale, om den litt spesielle isformasjonen.  

Naturkrefter
 Han fortel at det truleg er straumane i elva som har skapt den nærast perfekte sirkelrunde forma.

 – Dette fenomenet heiter «tallerkenis», og om ein dreg opp til arktiske område er dette eit kjent fenomen. Der ligg is, som brekk opp av ulike grunner, og dunkar på kvar­andre i havet slik at denne forma oppstår. I denne situa­sjonen kan det vera eit isflak som har losna, der virvelen i vatnet har most og malt vekk ujamnheiter slik at det oppstår ei sirkulær form.  

Han seier det er sterke krefter det her er snakk om.

 – I elvar som dette, er det ofte ein straumfart på 1–2 meter per sekund. Sannsynlegvis har mesteparten av vatnet kom ned på den vestre sida av dette isflaket, medan det har vore lite straum på høgresida. Det fører til at flaket byrjar å rotera rundt og rundt. Når ein ser dei kvite kantane på isflaket, kan det tyde på at prosessen har halde på ei stund, seier Dale, som samanliknar fenomenet med jettegryter, men seier at det der er snakk om endå sterkare krefter.  

LES OGSÅ: Naturen til en nynorske kulturen

Ikkje sett liknande  
Dale har ikkje sett noko liknande fenomen i elvar før, men seier slike formasjonar også kan oppstå i til dømes pollar.

 – Ein poll er små, tronge fjordar med veldig tronge innløp. Eg har sett bilete frå der tidvatnet har kome inn akkurat i fryseperioden, og skapt liknande sirkulære isflak.  Han seier naturen kan skapa mange flotte formasjonar i ei fryseperiode.  

LES OGSÅ: Breane smeltar framleis

Hald auga oppe!  
– Om ein har auga med seg kan ein få med seg mange spennande ting. Eit døme er istappar som vert danne der vatn dryp ned. Eit anna døme er steinar som stikk opp av elva. Der kan ein av og til sjå at det dannast noko som kan minna om sopphattar på toppen.

LES SAKA I SOGN AVIS!