Hjeltnes frir til Sogn

Har visjonar om ny, sterk storkommune som foreinar Voss, Hardanger og Sogn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Voss, Granvin, Eidfjord, Ulvik, Vik og Aurland. Det er storkommunen til Arne Hjeltnes.  

–Tenk kva me kunne fått til i saman i denne regionen som har litt å by på, seier vossingen som er lynkjapp med å strø ut superlativ til naboen Aurland som får ekstra stor porsjon skryt før tanken bak ein storkommune blir nyansert.  

Aurland i særklasse
 – For ein matkommune! To av fem prisar i Det norske måltid gjekk nettopp til Aurland. Beste osten. Og beste ølet. Prestasjonen er sensasjonell og me kjem aldri til å oppleva ein kopi, at ein kommune stikk av med to prisar i ein landsdekkjande konkurranse, seier Hjeltnes.  

Han leia serien delt i seks TV2-innslag. Fem regionar konkurrerte om å ha dei beste råvarene.  

LES OGSÅ: Korleis vart du du, Arne Hjeltnes?

Eit pluss for alle  
Arne Hjeltnes legg eit viktig kriterium i botnen av storkommunen.  

– Alle vil koma godt ut av ei samanslåing, om ein legg dei emosjonelle tankane til sides, seier rikskjendisen som meiner regionsenteret gir seg sjølv, nemleg Voss.  

– Me blir ikkje større enn ein middels stor norsk by i tal innbyggjarar, men du verda for ei slagkraft som hadde blitt skapt, ei kraft som vil gje tilflytting. Og då meiner eg at det ikkje er Voss åleine som skal få påfyll. Alle kommunane vil oppleva vekst i det som ville blitt ei større og sterkare eining, seier Hjeltnes.  

LES OGSÅ: Best i vest på turisme

Treng tunnel  
Han meiner Vikafjellstunnel er ein føresetnad for at ein slik storkommune kan realiserast. Den verdsvante vossingen har opparbeida spisskompetanse på reiseliv.

 – Me skal konkurrera mot destinasjonar som Tyrol og Gardarsjøen. Og det er ikkje lett.

Les saka i Sogn Avis

LES FLEIRE SAKAR OM KOMMUNESAMANSLÅING HER!