Storfilmane drog opp kinobesøket

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Desse var mest sett

Med eit besøkstal på 881.658 var «Kon-Tiki» den mest sette filmen på norske kinoar i fjor. Fleire såg dramaet om Thor Heyerdahls flåteferd i Stillehavet enn både James Bond og Istid 4, som var dei andre og tredje best besøkte filmane, fortel bransjeorganisasjonen Film & Kino.

 

For femte året på rad hadde norske filmar eit besøk på over to millionar. Norskdelen vart i 2012 på 17,8 prosent. Saman med «Kon-Tiki» gjorde «Reisen til julestjernen» sitt til det. For samla fall besøket på norske filmar med nesten 25 prosent frå 2011.

 

Dei ti best besøkte filmane i 2012

1. Kon-Tiki (881.658)

2. James Bond: Skyfall (723.125)

3. Istid 4: Kontinenter på avveie (norsk tale 3D) (700.236)

4. Hobbiten: En uventet reise (3D) (449.225)

5. Reisen til julestjernen (443.188)

6. The Dark Knight Rises (409.004)

7. Madagaskar 3: Full rulle i Europa (3D, norsk tale) (379.366)

8. Pus med støvler (3D, norsk tale) (321.614)

9. The Avengers 3D (318.718)

10. The Twilight Saga: Breaking Dawn – Part 2 (312.293)

(Kjelde: Film & Kino) (©NPK)

 

LES OGSÅ: Dette er dei mest nedlasta filmane i 2012

 

QUIZ: Kva veit du om James Bond? Og kva veit du om Twilight?