Ting som neppe skjer neste år (heller)
Nyttårstradisjonar kjem ikkje av seg sjølv.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kalvø: Ting som neppe skjer i 2013
Nyttårstradisjonar kjem ikkje av seg sjølv. Ein må jobbe for dei, og gi folk det same år etter år etter år etter år, sjølv om ingen har bedt om det. Først når folk innser at dette likevel er noko dei aldri kjem til å bli kvitt, gir folk etter og omfamnar tradisjonen. Andre mulige forklaringar finst ikkje på fenomen som kongens nyttårstale og plutselig sigarrøyking ved midnatt ein gong i året.
Derfor, stadig med håp om at dette ein gong vil bli oppfatta som ein vakker nyttårstradisjon, gir eg deg i dag (som eg har gjort fleire gonger før ved nyttårstider, sjølv om ingen har bedt meg om det) den ultimate, definitive, totale, absolutte lista over:
TING DU SANNSYNLIGVIS IKKJE KJEM TIL Å FÅ HØYRE NOKON SEIE NESTE ÅR HELLER:
Det er med stor glede vi no kan kunngjere at Frid Ingulstad i dag blei valt einstemmig til ny leiar i Den norske Forfatterforening.
Da er dansegulvet klart for Nadya Khamitskaya og Kåre Willoch og deres cha-cha-cha!
Kontroll- og konstitusjonskomiteen har diskutert saka, og vi har komme fram til at dette ikkje er så nøye. Statsråden meinte det sikkert godt.
Og i år er det ingen norske artistar som har spelt inn ein ny versjon av «Fairytale of New York».
No synest eg verkelig det begynner å svinge av Rigmor Aasrud.
Eg takkar så mykje for tilliten til alle som har stemt på oss. Og eg sett naturligvis veldig pris på at vi blei det største partiet. Men eg har altså ombestemt meg. Eg har ikkje lyst til å bli statsminister likevel. Det verkar fryktelig vanskelig.
Per Petterson bekreftar at den neste boka hans blir ein pornoroman.
Vi spurde dei politiske kommentatorane om dei hadde lyst til å komme i studio for å seie noko om dette, men alle takka nei.
Karpe Diem speler inn kampsong for Siv Jensen.
Eg kunne godt tenke meg å bli betre kjent med han Ola Borten Moe, eg synest han verkar så hyggelig.
Regjeringa meiner at kroppshysteri er grunnleggande bra og vil jobbe for å få mykje meir av det.
Her kan du kjøpe ganske dyre Syden-feriar!
Skulen og dei eldre har fått meir enn nok. Vårt parti vil gi meir til dei middelaldrande.
Nokon som kjenner Trond Giske har fått jobb. Ingen i opposisjonen er interesserte i å kommentere.
Jonas Gahr Støre gir seg i politikken og bekreftar at han skal vere med i Paradise Hotel.
Derfor var det heilt naturlig for den nye regjeringa å ha fire statsrådar med rom-bakgrunn.
Eg hatar Frelsesarmeen.
Smørblid Susanne Sundfør: – Mi neste utgiving blir ein cover-versjon av Plumbos «Møkkamann».
I år har vi bestemt oss for å ikkje dele ut Nobels fredspris. Det er uansett alltid nokon som blir sure.
Petter Northug innrømmer: Har aldri likt snø.
Ingen norske forlag har planar om å gi ut krimromanar i år. Krim er berre så 2010, seier talsperson for bransjen.
Aller først i «God kveld Norge» skal vi til situasjonen i Syria.
Islamsk råd og Den norske kirke har hatt lange og gode samtalar og gjort eit felles vedtak om å slutte med religion no. Nok er nok.
No synest eg det har blitt altfor lenge sidan vi sist høyrde noko frå Lisbeth Berg-Hansen.
Slik unngår du sprø svor.
Magnus Carlsen: – Forstår ikkje kva eg tenkte på med dei teite sjakk-greiene. No er det berre curling for meg.
Håper verkelig at Ken-Dang blir gjenforeint og speler på Øya i år.
«Hver gang vi møtes»-deltaker blei ikkje rørt av å høyre sin eigen song framført av kollega.
Dei norske handballjentene trekker seg frå alle internasjonale mesterskap: – Vi har ikkje sjans likevel.
SV ser ut til å ha gjort eit brakval.
Stod først på trykk i Aftenposten 29. desember.