Dei skal verta best i landet
Sogndal Fotball og Høgskulen i Sogn og Fjordane skal innan fem år stå fram som leiande i landet innan fotballforsking og talentutvikling.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dei to har nyleg avslutta forprosjektet «Individualisering av lagidrett», der dei konkluderer med at det i høgste grad er realistisk å etablera eit nasjonalt kompetansesenter for fotball i Sogndal.
Senteret vil dreia mot forsking, utdanning og praksis, med mål om å verta leiande både i nasjonal og nordisk målestokk. Planane er sat i ein femårsperiode, med ei satsing verdt 35 millionar kroner. Ein del av desse midlane vil vera eigeninnsats rekna over dagens driftsmidlar, medan dei to óg vil arbeida for å få inn eksterne midlar.
LES OGSÅ: Lærer meir i andre fag av gym
Stort potensial
– Potensialet på denne utviklinga er like stor som Fosshaugane Campus er i areal. Eit hårete mål er at framtidas Egil «Drillo» Olsen har base her i staden for i Oslo, seier dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil Mundal.
Han meiner fotballforsking kan gje klubben eit føremon i høve konkurrentane i norsk toppfotball.
– Dette kan gjera oss enda råare på å leggja til rette for utvikling av spelarar. Det er eit stort utviklingspotensial i det som skjer utanfor bana, med tanke på det fysiske, mentale og ernæringsmessige, seier Mundal.
LES OGSÅ: Fryktar forbod mot saftreklame
Fotball som studiar
Satsinga på fotballforsking gjev òg større moglegheiter for fotball som ein del av studiane ved Høgskulen.
Idrettsstudentar ved skulen vil få fleire fotballemne å velja mellom, og håpet er å kunne tilby fordjuping i fotball innan bachelor- og mastergrader i trenar- og leiarutdanningar innan desse fem åra. Med Sogndal Fotball vegg i vegg vil studentane ha nok av «materiale» til oppgåvene sine.
– Me vil utnytta eit uforløyst potensial. Føresetnadene for dette er betre her enn alle andre stader, med ein eliteserieklubb og fantastiske fasilitetar. Nærleiken til det me ønskjer å forska på er unik, seier forskingsleiar ved Institutt for idrett ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Jostein Steene-Johannessen.
LES OGSÅ: Færre stryk på små høgskular
Ligg til rette
Førsteamanuensis ved Høgskulen, Vegard Fusche Moe, meiner alt ligg til rette for å etablera eit kompetansesenter på nasjonalt toppnivå i saftbygda.
– Med den store kompetansen Sogndal Fotball har på trenar- og spelarnivå kombinert med vår utdannings- og forskingsverksemd har me svært gode moglegheiter for å få til noko spennande saman, seier Fusche Moe. Forprosjektet peikar spesielt på to prosjektområde som Høgskulen ønskjer seg to stipendiatar til for å setta fart i forskingsverksemda kring fotball framover.
– Eit kompetansesenter vil knyta relasjonar opp mot idretten i Sogndal og elles i fylket, om korleis me kan utvikla og styrkja område som skadeførebuing, ernæring og det å optimalisera læring, seier Fusche Moe.
LES OGSÅ: Vil ha berre fire kommunar i Sogn og Fjordane
Synergieffekt
Sogndal Fotball og Høgskulen har samarbeidd tett også utanom forskingsprosjektet, då klubbens assistenttrenar Tom Mangersnes er inne i ein prosentstilling ved skulen. Han var mellom anna rettleiar då to studentar gjorde bacheloroppgåve på Sogndal sine cornerar i sesongen 2012 i haust. Frå komande sesong skal også Høgskule-tilsett Ørjan Nygård inn i klubben, som fysisk trenar.
– For oss er det inspirerande å vera ein del av og læra av prestasjonskulturen som er i ein fotballklubb. Det smittar over på oss, og er eit døme på læring på tvers, seier Fusche Moe.
Mundal ser store synergieffektar av det stadig utviklande samarbeidet mellom dei to institusjonane.
– Studiar retta inn mot fotball vil påverka søkjartalet til Høgskulen, og den vidaregåande skulen i Sogndal vil verta meir attraktiv ved å hekta seg på dette. Vestlandsforsking vil dra nytte av det, mengd gjestedøger i Sogndal vil auka, og Sogndal Fotball vil i sum stå betre rusta til å levera over tid, seier Mundal.