Ivar Aasen blir høgteknologisk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det fortel prosjektansvarleg for Språkåret 2013, Inger Johanne Sæterbakk.

I inneverande veke blir appen «Dagens Aasen-ord» lansert. Det er ein elektronisk almanakk med eit ordtak for kvar ny dag, henta frå «Norske Ordsprog av Ivar Aasen».

«Dagens Aasen-ord» er tilgjengeleg som gratis applikasjon (app) i Apple-store for iPad (lesebrett) og iPhone (telefon).

Frå 1. januar vil denne gratistenesta også bli tilgjengeleg for android-systemet.

QUIZ: Kva veit du om Ivar Aasen?

Ivar Aasen-almanakken har vore eit fenomen i papirform frå 1996, og no får altså konseptet fornya drakt.

Appen er finansiert med støtte frå Drammen og Eiker Mållag, Vestmannalaget/Fritz Monrad Walles fond og Språkåret 2013.

Språkåret 2013 er ei feiring av det norske språkmangfaldet, med utgangspunkt i 200-årsjubileet for Ivar Aasens fødsel, og hundreårsjubileet til Det Norske Teatret. (©NPK)