«Kon-Tiki» nominert til Golden Globe
Storfilmen"Kon-Tiki» er nominert til den amerikanske Golden Globe-prisen som skal delast ut i midten av januar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Nominasjonen vart kjent torsdag ettermiddag. Spelefilmen om den utrulege ferda til Thor Heyerdahl over Stillehavet i 1947 er nominert blant fire andre filmar i klassen for beste framandspråklege film.
Filmen er regissert av Joachim Rønning og Espen Sandberg, og Pål Sverre Valheim Hagen speler hovudrolla som Thor Heyerdahl. Filmen hadde premiere 23. august i år.
Utdelinga skjer 13. januar i Los Angeles. (©NPK)
LES OGSÅ: Kon-Tiki er Oscar-kandidaten vår