Får 16 millionar til «Bølgen»

Øystein Espe Bae
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Filmar komande katastrofe

Natt til 7 april 1934 omkom 40 menneske i Tafjorden, då Langhammaren raste ut i fjorden og ei dramatisk høg bølgje tok sveipa med seg både husdyr og folk i området. Den dag i dag er dette ein av dei største  naturkatastrofene i Noregs historie, og sidan då har folk i området måtte leve med angsten for at ei ny, mykje større bølgje kan slå til.

No har regissør Roar Uthaug fått 16 millionar i produksjonstilskott frå Norsk filminstitutt for å lage filmen «Bølgen», som spelar på appellstrukturen i dette uungåelege som ein gong kjem til å skje igjen.

Les også: «Kon-Tiki» nominert til Golden Globe

«Bølgen» er ein fiksjonsfilm som skal produserast av Fantefilm Fiksjon AS, og Uthaug har tenkt til å følgje ei familie ved ein fjord, i tida rundt eit slikt ras.

Uthaug har tidlegare regissert tre spelefilmar, mellom anna Fritt vilt (2006) og Flukt (2012).

Ivar Køhn i Norsk filminstitutt skriv følgjande om tildelinga av produksjonsmidla i ei pressemelding:

– Bølgen blir den første store katastrofefilmen i Noreg. Med ei sterk historie, spektakulær natur og spesialeffekter som vil gi oss eit nytt syn på kva som kan skje i ein fjord, trur vi dette kan bli ein film som vil treffe eit breitt publikum i Noreg og utlandet, seier avdelingsdirektør Ivar Køhn i Norsk filminstitutt.

Prøv også quizen vår om filmen Trolljegeren eller om Skrekkfilm!