Framtida.no får støtte frå Fritt Ord

Får støtte frå Fritt Ord til artikkelserie om det politiske i språket.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er veldig kjekt at ein institusjon som Fritt Ord har tru på prosjektet vårt, seier Svein Olav Langåker, prosjektleiar for Framtida.no. Fritt Ord bidreg med 50.000 kroner.

Artikkelserien er tenkt som del av eit prosjekt der Framtida.no har som mål å tilsetja det som kan bli Noregs første språkjournalist.

– Framfor stortingsvalet i 2013 meiner me det er ekstra aktuelt å skriva om språk og kva orda me bruker har å seia for folkestyret, seier Langåker.

Målet med artikkelserien er å gje fleire lesarar ein god grunn til å snakka om språk i det komande Språkåret. Framtida.no ønskjer å visa fram språkmangfald, kva makt som ligg i språket og avdekkja språkleg avmakt.

Nær 400.000 unike brukarar
Framtida.no blei starta av ABC Startsiden, Landssamanslutninga av nynorskkommunar og Landslaget for lokalaviser hausten 2010. Framtida.no har i dag ein redaksjon på to årsverk. I tillegg leverer kring 20 aviser og over 20 unge skribentar artiklar til Framtida.no. Sidan starten har nær 400.000 unike brukarar besøkt nettsida, og talet på vekentlege og daglege brukarar aukar. Sist veke hadde Framtida.no over 8300 unike brukarar.

Lokomotiv for nynorsk på nett
– Målet vårt er å saman med Startsida.no vera eit lokomotiv for nynorsk på nett, og vera til nytte og glede for stadig fleire lesarar, seier Svein Olav Langåker. Seks aviser viser i dag fram nyhenda til Framtida.no på nettsidene sine. Framtida.no arbeider for å auka distribusjonen av artiklane sine.

– Me ønskjer òg å knyta samarbeid med kommunar, skular og bibliotek. Blant anna for bibliotek og skular bør det vera interessant å ”abonnera ” på artiklar innanfor enkelttema som litteratur, bokmeldingar, politikk, yrkesval, språk eller klima, avsluttar Langåker.

LES OGSÅ: Klikk deg til meir nynorsk på nett!