I snitt kjem kvar vaksen nordmann til bruka over 11.000 kroner på julegåver, mat, pynt, kalendrar og rakettar.

mm
Faktaboks

Så mykje vil kvar av oss bruka på innkjøp til jole- og nyttårsfeiringa i år:

– Julegåver: 5.980,-
– Julemat: 2.388,-
– Julepynt og -interiør: 413,-
– Julebord og uteliv: 827,-
– Klede og sko: 568,-
– Julekalender: 210,-
– Julekort og pakkepost: 293,-
– Fyrverkeri: 189,-
– Nyttårsfesten: 693,-

LES FAKTALUKK FAKTA

Til saman vil me dermed punga ut med så mykje som 45 milliardar kroner til året jule- og nyttårsfeiring. Dette viser ei fersk undersøking som Ipsos MMI har gjennomført for DNB.

Sjølv om tusenlappane flyg, er det berre fem prosent som har sett opp eit eige julebudsjett, og to av fem seier at dei som regel endar opp med å kjøpa dyrare julegåver enn dei i utgangspunktet hadde planlagd.

For å få ei billegare jule- og nyttårsfeiring, rår forbrukarøkonom Silje Sandmæl i DNB, til å planleggja innkjøpa betre, laga julebudsjett og skrive handleliste for både mat og gåver.

– Skriv ei liste over kven du skal kjøpa gåver til, kva du skal kjøpa og set ein makspris, er hennar råd, ifølgje Avisa Hordaland.

– Du kan òg laga eit handlekart gjennom kjøpesenteret og verta ferdig med julehandelen på ein-to-tre. Det beste er sjølvsagt å kjøpa ting når det er sal, seier Sandmæl.

Sjølv har ho ei pappøskje ståande heime som ho fyller opp med klassiske og nyttige salsvarer gjennom året.

GÅ TIL JULESIDENE VÅRE!

Har du nokre tips til korleis ein kan laga eller kjøpa billege julegåver? Del tipsa dine i kommentarfeltet!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.40

LES OGSÅ

ANNONSE