Pia Tjelta i ny fyr-thriller

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med Pia Tjelta på filminnspeling

 

I førre veke pågjekk innspelinga både på Slåtterøy og på kaia i Austvik i Bømlo i Hordaland.

– Eg spelar ein forfattar som kjem til ei hytte på ei øy der eg skal skriva. Det går litt tid og så dukker det opp ein mann som er hardt skadd. Han hugser ikkje namnet sitt, og om han er åleine på øya er uvisst, seier skodespelar Pia Tjelta. Ho har hovedrolla i den psykologiske thrilleren «Amnesia». Ho vil ikkje fortelja så mykje meir om kva som skjer.

– Men eg kan røpa at hovedpersonen er i stor fare! føyer Tjelta til. Sist fredag sette ho seg i ein svart liten bil for å spela inn nokre scener på kaia i Austvik. Filmfolk er samla for å leggja alt til rette for den komande scenen. Det er mykje utprøving i forkant. Lyd og lyssetjing må stemma. Ein båt ligg til kai og ventar på neste scene. Forfattaren (Pia Tjelta) skal gå frå bilen og ut på kaia, om bord i båten og fraktast ut til øya (Slåtterøy).

Båt og helikopter
Dei andre dagane har Pia Tjelta og dei andre i filmteamet vore på Slåtterøy.

– Sidan det er ein del utstyr som krevst ved filming, måtte me bruka både båt og helikopter for å få alt på plass til innspelinga, seier Audun Skarbøvik. Han er location manager, Det vil seia at hans oppgåve var å finna passande lokaliteter til denne spelefilmen.

– Då me skulle til Slåtterøy fyr tysdag, fekk me transporthjelp frå Jostein og Alf Martin Waage. Elles leigde me eit helikopter frå Fonnafly. Utan helikopter hadde det nok blitt mange båtturer. Til innspelinga i Austvik fekk me leiga båten «Seaexpress» frå ein mann i Sagvåg.

Heile filmen føregår på Slåtterøy fyr, men det blir filma litt i ei hytte i Oslo og. Dette skal redigerast saman med dei andre scenene på Slåtterøy. Det vart gjort eit stunt frå tårnet på Slåtterøy. Elles har venneforeninga for Slåtterøy fyr vore positive til leige av fyret, seier Audun Skarbøvik. Han fortel at 20 personer er involverte i produksjonen av filmen her på Bømlo.

(Teksten held fram under bileta).

Her er føraren i gong med å rygga bilen og gjera seg klar til ein ny scene på kaia i Austvik. Pia Tjelta er i gong med førebuingar og sminke innandørs i kjellaren på huset nedanfor. I mellomtida er det nokon andre som tek seg av bilkøyring for å vurdera måten bilen skal køyra i scenen. Det er mykje rygging og køyring før ein blir nøgde.


Kameraet filmar Tjelta gjennom vindauget. Det er viktig med rett lyssetjing. Difor har dei teppe og eit slags skjermbrett for å skjerma og kontrollera lyset undervegs.

Eit dramatisk fyrtårn
Produksjonsselskapet heiter Tappeluft pictures AS, og produsent av filmen «Amnesia» er Kjetil Omberg. Han fortel at det er nokre år sidan sist dei hadde eit samarbeid med skodespelar Pia Tjelta.

– No gler me oss til første runde med innspelingar saman med ho. Og Slåtterøy fyr er ein heilt fantastisk stad å spela inn film. Me valde å spela inn filmen på Slåtterøy fordi det var det mest dramatiske fyrtårnet og det flottaste av dei alle. Me var to gonger der ute før me til slutt valde Slåtterøy fyr. Me såg på fleire andre fyr før me bestemte oss. Det har vore godt med vind der under innspelinga. Etter innspelinga på Bømlo er me ferdige med utandørsscenene i filmen. Då filmar me berre innendørsscener i Oslo. Me takkar alle som har vore involverte i filminga på Bømlo og som har hjelpt oss undervegs, seier Omberg. Han fortel at denne filmen kjem på kino hausten 2013.

– Dette er ikkje ein veldig dyr film. Han koster berre sju millioner kroner å produsera, og det er lite etter norsk standard, seier Omberg.

PRØV DEG PÅ DEN STORE BOK-BLIR-FILM-QUIZEN!

Fleire kinosuksessar
Produksjonsselskapet Tappeluft har produsert fleire populære kinofilmar. Den siste filmen dei lagde var “Tina & Bettina – The Movie”. Ungdomsfilmen med 11 års aldersgrense hadde premiere i september i år.

– «Tina & Bettina» er den nest største kinosuksessen etter «Kon-Tiki» i år, og har trekt 185.000 kinogjengarar. Me har òi nyg produsert serien «Hellfjord» som går på NRK ein gong i veka med mellom 300.000-400.000 sjåarar kvar veke. Dette er ein absurd komedie av den litt unorske sorten, seier produsent Kjetil Omberg. Han fortel at årsaka til at dei har kalla produksjonsselskapet sitt for Tappeluft pictures as, er ei filminnspeling i Finnmark, der dei spelte inn kinofilmen «Død snø».

– Det er ein stad i Finland som heiter “Tappeluft” og filmen «Død snø» er ein nazi-zombie-horror-komedie som er seld til 70 land.

LES SISTE FILMNYTT HER!

Audun Skarbøvik er location manager i denne filmproduksjonen og har mellom anna ansvar for å finna eigna lokaliteter til filminnspelinga. Det er også han som gjer avtalar med grunneigarar og politiet i forkant. Ved middagstider sist fredag var dei i gong med innspeling på Austvik kai.

Forfattaren som Tjelta speler skal gå om bord i båten som skal frakta ho ut til skrivestova på Slåtterøy. 

LES SAKA I BØMLO-NYTT!