Ære vere meg

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Are Kalvø: Ære vere meg

 

Her er for eksempel nokre saker eg ikkje kan hugse å ha lese:

Norske komikararveteranar mobba av Stabburet.

Ei gruppe norske veterankomikarar kjenner seg krenkte av Stabburet etter at Stabburet gjekk ut mot Bye & Rønnings Grandiosa-parodi på NRK. Veterankomikarane meiner at dei har vitsa nedsettande om Grandiosa i tjue år utan at nokon frå Stabburet har rykt ut og gitt dei den typen gratisreklame som NRK-innslaget har fått.

– Eg har manus som dokumenterer at eg sa noko stygt om Grandiosa allereie i 1991, seier ein komikar som er så lei seg at han ikkje klarer å seie noko morsomt ein gong. Komikaren seier han opplever det som mobbing og ufin forskjellsbehandling at Stabburet reagerer på berre ein Grandiosa-parodi.

– Skal ein reagere, må ein reagere på alle. Elles blir det urettferdig.

Seier komikaren. Som er på gråten no. Og ganske full.
 

Fotballklubben Ull/Kisa vurderer sak mot Sandnes Ulf

Forrige helg tapte Ull/Kisa 4-0 mot Sandnes Ulf i ein kvalifiseringskamp om ein plass i Tippeligaen neste år. Ull/Kisa seier dei opplever nederlaget som svært krenkande, og vurderer no å gå vidare med saka.

Ein talsperson for klubben seier at dei slett ikkje er dårlige taparar:

– Det er ikkje det dette handlar om. Men å skåre fire mål på vår heimebane er heilt unødvendig. Vi har tatt poenget på 2-0. Å skåre to mål til etter det, er rein mobbing.

Talspersonen meiner også at Sandnes Ulf sparkar folk som ligg nede:

– Klubben vår har hatt mykje motgang. Vi var innblanda i kampfiksingsskandalen tidligare i år. Vi har ikkje spesielt stilige drakter. Om du i tillegg tek med at klubben vår har eit namn som høyrest ut som ei nedleggingstrua hjørnesteinsbedrift i utkant-Norge på åttitalet, så seier det seg sjølv at ein opplever fire baklengsmål som eit slag i trynet. Fine mål var det også, noko som berre er unødvendig.

Ull/Kisa vurderer å gå til sak mot Sandnes Ulf. Eventuelt skulde dei for doping. Ull/Kisa vurderer også å skifte namn.


Norske idrettsutøvarar saksøker medie-Norge

Etter fleire veker med dopingsaker i media, kjenner alle norske idrettsutøvarar seg mistenkeliggjorte og saksøker derfor medie-Norge for ærekrenking.
 

Medie-Norge saksøker norske idrettsutøvarar

Talspersonar for medie-Norge meiner dei saksøkande idrettsutøvarane antyder at norske journalistar skjer alle over ein kam.

– Slike påstandar er øydeleggande for truverdigheita vår, og det er den vi lever av, seier ein av redaktørane som seier noko heile tida.
 

Resten av Turboneger anmelder scientologikyrkja

Etter at Turboneger-medlem Thomas Seltzer blei meldt for ærekrenking av manageren til den tidligare Turbuneger-vokalist Hans-Erik Dyvik Husby, kjenner dei andre medlemmene i bandet seg krenkt av den krenkte manageren.

– Kvifor er det ingen som anmelder oss for ærekrenking? Klart vi føler oss forbigått, seier ein talsperson som sannsynligvis har eit homoerotisk teikneserieartistnamn.

Ein annan, som sikkert også har eit homoerotisk teikneserieartistmamn, seier:

– Er ikkje vi like mykje verd som Thomas Seltzer? Er det fordi han er på tv? Ein kjenner seg liten når slikt skjer. Ein kjenner seg usynlig. Ein tenker: Har eg kledd meg som ein tulling og stått på store scener i så mange år utan at nokon har lagt merke til meg? Vi andre i bandet har også snakka stygt om både scientologikirka og den tidligare vokalisten Hans-Erik Dyvik Husby og manageren hans. Ofte. Ein gong, for eksempel, hugsar eg heilt klart at eg sa at Hans-Erik har måling i ansiktet og ser ut som han har ete for mykje Grandiosa.
 

Scientologikyrkja anmelder alle noverande og tidligare medlemmer i Turboneger, managerane deira og dei nærmaste pårørande, dessutan dei største mediebedriftene i Norge

I ei pressemelding seier scientologikyrkja at dei opplever det som krenkande å bli trekt inn i ein band-strid mellom folk med homoerotiske teikneserieartistnamn:

– Vi har hatt mykje å stri med i mange år, med elendig menneskesyn og Tom Cruise. Alle våre folk har arbeidd beinhardt og målbevisst med å bygge opp att kyrkjas rykte. Då opplever vi det som rein mobbing å bli saksøkt for ærekrenking av noko som kjenner seg krenkt fordi dei ikkje har blitt saksøkt for ærekrenking.
 

Stabburet ut mot Turboneger

Stabburet reagerer på at Pizza Grandiosa blir trekt inn i striden mellom noverande og tidligare medlemmene i Turboneger, managerane deira og deira nærmaste pårørande, dessutan scientoligikyrkja og dei største mediebedriftene i Norge.
 

Gerd-Liv Valla saksøker Jens Stoltenberg

– Eg trudde det skulle halde å skrive bok, men nei, seier Valla i ein knapp kommentar. 

Først publisert i Aftenposten 24. november.

LES FLEIRE ARE KALVØ-TEKSTAR HER!