ANNONSE
ANNONSE
Framsida SAMFUNN – Så enkelt at det er genialt
Finalist. Denne gjengen fekk i oppgåve å finne på aktivitetar til barna i Vartdal barnehage. Mellom anna laga dei to flotte blinkar barna kan kaste på, ein gris og ein klovn.

– Så enkelt at det er genialt

I ei heil veke har desse elevane delteke på treningsleir i kreativitet og nyskaping. Målet er siger i gründercampen. 

Janne-Marit M. Falch, Møre-Nytt
Janne-Marit M. Falch, Møre-Nytt

Det var mykje kreativitet på Ørsta Kulturhus fredag, då elevane ved Sæbø ungdomsskule og Vartdal ungdomsskule presenterte resultatet av ei intens veke med innsats. Ein utdatert kraftstasjon i miniformat var gjort om til ein flott ungdomsklubb på Vartdal, ein CD med musikk frå 50–60 talet var laga som underhaldning til bebuarane på Vartdal Helsetun. Ideane var gode, men var dei gode nok?

Engasjert
Gründercampen vert arrangert kvart tredje år for ungdomsskuleelevar. Elevane jobbar med oppdrag som dei får hos lokalt næringsliv. Ei jury avgjer så kven som har den beste og mest gjennomførbare ideen. Årets jury i Ørsta ungdomsleiar Aurora Høegh-Omdal, koordinator for Ungt Entreprenørskap, Hjørdis Almelid Vikenes, og leiar for næringskontoret, Odd Magne Vinjevoll.

– Eg er imponert over engasjementet til elevane. Det er fantastisk å oppleve kunnskapen dei har tileigna seg i bedriftene i løpet av denne veka, seier Vinjevoll.

LES OGSÅ: Jobbar 14 timar om dagen

Tre finalistar
Juryen kåra dei tre beste forslaga, som måtte på scena og presentere seg framfor alle. Ei gruppe har laga forslag til aktivitetar for barna i Vartdal barnehage.

–Vi har mellom anna laga to blinkar av ein klovn og ein gris som ungane kan kaste på, fortel dei.

Også ei taubane med bind for auga var det forslag om, der ungane skal smake, lukte og berøre ting undervegs.

Den andre finalisten hadde fått i oppdrag å gjere butikken Nilsbuda på Sæbø meir kjend.

– Vi har laga skilt som vi tenkte kunne henge i Ørsta sentrum. Elles har vi laga til brosjyrar som kan ligge rundt om på butikkar og hotell, presenterte elevane frå Sæbø.

Den tredje finalisten fekk i oppdrag med SpareBank1 Søre Sunnmøre å kome med forslag som kan gjere kvardagen til eldre enklare. Etter grundige undersøkingar, mellom anna ved å snakke med eldre på heimane, var det likevel vanskeleg å konkludere.

– Nokre ville ha bingo, andre ville ikkje ha nokon aktivitetar. Nokre ville ha meir liv rundt seg, andre ville ha det heilt stille, fortel Katja Olsen frå Vartdal ungdomsskule.

Løysinga vart noko stille, men underhaldande.

– Biletskjermar med bilete frå barndomen.

LES OGSÅ: Rekordmange startar bedrift

Genialt
– Det er så enkelt at det er genialt. Det er rart ingen har gjort det før, seier Odd Magne Vinjevoll. Juryen trengde ikkje lang tid for å konkludere med at biletskjermane var den beste ideen.

– Dette bringer dagens samfunn inn på gamleheimane. Det er ein glimrande idé. Oppmodinga om å gjennomføre det må gå vidare til sparebanken, seier Vinjevoll.

Vinnargruppa fekk med seg ein sjekk på 1.000 kroner frå næringskontoret og Hoppid. Kva pengane skal gå til er enno noko usikkert.

– Julemannar, foreslår ein av dei.

– Det må vere noko til heile skulen i alle fall, konkluderer ei anna.

LES OGSÅ: Tener pengar på andre si ulukke

Vinnarane. Bak frå venstre: Elise Myren Barstad, Cecilie Blindheim Willumsen, Håkon Sætre Kjelkenes og Katja Olsen. Framme frå venstre; Birk Kjærbeck og Malene Brautaset. 

LES SAKA I MØRENYTT!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.40

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE