Sjå kven som utmerka seg på årets Q-filmfestival!

Sogn Avis
Sogn Avis
Faktaboks

DETTE ER Q-FILM
• Q-film er ein årleg filmfestival som blir arrangert av elevar på Medium og kommunikasjon ved Firda vidaregåande skule.
• Den vart i år arrangert for ellevte gong.
• Festivalen har som mål å presentera spelefilmar som vanlegvis ikkje når kinosalane.
• Festivalen har dessutan vorte ein viktig arena for filmskaparar i Sogn og Fjordane.
• Tema for året var "Adventure", og det er lagt vekt på at filmane skal vere eventyrlege, overnaturlege og spennande.
• Juryen fekk i år inn 35 bidrag til filmkåringa. Filmane har vore til avstemming på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider dei siste vekene.

LES FAKTALUKK FAKTA

– Dette var uventa, sa Elias Engevik over telefon i salen.

Saman med Leiv Thomas Faulkner og Amund Klokkernes frå Sygna vidaregåande skule vann han den gjeve publikumsprisen på årets Q-filmfestival. Vinnarfilmen «Nøkkelhullet» er spelt inn på Kviknes hotell i Balestrand og er inspirert av ein gamal folkehistorie.

Raud løpar
Det var ikkje berre film som stod på plakaten. Torsdag tok ungdomen på seg finstasen for å delta på gallakveld i trivselshagen på Sandane. Vegard Leite, kjend frå Idol, var mellom dei som bidrog med underhaldning på scena denne kvelden.

Flukt-regissør
Festivalen har gått over ei heil veke med ulike filmframsyningar knytta temaet som i år er Adventure. Regissør av Flukt, Roar Uthaug, kom fredag til festivalen for å dela sine kunnskapar og erfaringar frå filmbransjen. Uthaug delte også ut prisen for beste regi og manus torsdag kveld.

Film i taket
Spesialkinoen var i år takkino der låg publikum på golvet og såg filmen på lerret i taket.

– Det var utruleg kult og mykje koselegare med takkino, fortel Amalie Eikeset Mundal som var og såg filmen «Se opp» på tysdag.

SJÅ ALLE FILMANE HER!

Her er vinnarane:
Beste fiksjon: «Farlig bekjentskap» av Marte Aleksandra Djupvik, Caroline Skarstein, Torbjørn Frøysland, Ian Gulestøl, Dovydas Miliauskas og Simen Berge Kongsvik, Mo og Jølster vgs
Beste dokumentar: «Søppel i Førde» av Erik Nyland, Fabian Skansen og Stine Bortheim
Beste regi og manus: «Collider» av Ian Gulestøl
Publikumsprisen: «Nøkkelhullet» av Elias Engevik, Sygna vgs
Juniorpris: «Den gylne traktor» av Per Inge Straume, Petter Solhaug, Østen Olai Ommedal og Tore Eimhjellen, Hyen skule
Beste etterarbeid: «Inspirational Breakdance» av Jonas Mølmesdal Flaten (med hjelp frå Ole Martin Volle).

LES SAKA I SOGN AVIS!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.40

LES OGSÅ

ANNONSE