– Eg blir nesten litt tullerusk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I heile tre dagar, 18 timar og fem minutt i strekk holdt team Trondheim ut foran TV-skjermen, men måtte til slutt sjå seg slått av team Oslo. Dermed enda dei på ein god andreplass i årets meisterskap. Dei tre filmentusiastane er likevel nøgde med å ha klart å pløye gjennom 42 filmar, utan å sovne.

Skandinavisk meisterskap i filmsjåing (SFC) vart for første gong arrangert i 2010, og fjoårets rekord var på 82 timar for det vinnande laget. I år gjekk vinnarlaget inn med ny rekord på nærare 91 timar. I tillegg stakk dei av med førstepremien som var ein tur til Hollywood og ein valfri produktpakke frå Hi-Fi Klubben.

Holdt følgje
Då Dusken.no tok kontakt med Trondheimslaget beståande av Jens Erik Vaaler, Christine Eriksen og Camilla Klein måndag føremiddag var stemninga på topp, sjølv om søvnbehovet hadde byrja å melde seg.

– Augelokka til Camilla byrja bli litt tunge, så me måtte opp og hoppe litt for å halde ho vaken, seier Vaaler klokka 1320 måndag.

Klokka 1600 same dag kunne dei melde om at det framleis var mange lag som holdt følgje både i Noreg, Sverige og Danmark.

– Det er framleis mange lag som heng med, men eg trur mange kjem til å dette av lasset under neste film som er ein krigsfilm i svart kvitt frå 60-talet, seier Klein.

Deltakarane fekk berre ti minutt pause mellom kvar film, noko som for det meste fungerte bra hjå Team Trondheim, med nokre få unntak.

– Det verste var når me såg Titanic. Eg var sjukt tissetrengd, og som mange veit omhandlar store delar av filmen om vatn som fossar. Når endeleg rulleteksta kom stod eg og trippa, seier Vaaler.

QUIZ: Prøv deg på bok-blir-film-quizen vår!

God innsats
Sjølv om dei ikkje nådde til topps denne gongen er dei glade for at dei kom så langt.

– Me er svært nøgde med innsatsa. Eg har sove 18 timar i natt, så byrjar heldigvis å komme i vater igjen, seier Vaaler.

Camilla trur ein av grunnane til at dei holdt ut så lenge var den enorme støtta dei fekk på facebook.

– Folk har vore så utruleg flinke til å kommentere og heie på oss, seier ho.

Dei tre deltakarane er til vanleg programleiarar i radioshowet Filmofil i studentradioen Radio Revolt, og har under heile deltakinga oppdatert nettsida med deira tankar om meisterskapet.

– Me har også anmeldt nokre av filmane me har sett i løpet av meisterskapet, seier Vaaler.

Høyr lydklippa på Radio Revolts nettsidar

Ville gjort det igjen
Då Vaaler fekk spørsmål om dei kunne tenkje seg å gjere det igjen, var svaret klårt.

– Ja! Eg ville absolutt gjort det igjen, sjølv om eg ikkje hugsar halvparten av filmane eg såg, seier han.

Han meiner det å klare å halde seg vaken så lenge i seg sjølv er ein stor prestasjon.

– Det var spanande å erfare korleis eg reagerte på å gå så lenge utan søvn, seier han.

LES SAKA PÅ DUSKEN.NO!