Frå finanskrise til gründereventyr

Kristine Askvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Skumringa har nett byrja gje signal om at nærmar seg kveld utanfor kontorvindauga til administrerande direktør Sesselja og medgründar Valgerdur Halldórsdóttir. Folk har snørt igjen hettene på boblejakkene og trokke lua godt ned, medan dei brøyter seg fram mot vindretninga. Ein lyktestolpe svaiar frå side til side.  

– Eg trur ikkje vi kan ta bilete på taket. Det er fin utsikt der, men slik det er no kan vi risikere å verte blåst ned, seier Sesselja. Valgerdur ler, rister på hovudet og er einig. I

nne i kontorlandskapet sit dei to framfor kvar si datamaskin, saman med ein av programmerarane sine. Det er heilt stille, bortsett frå tastaturlydar. Snart kjem ein ny app, som skal motivere deg til å gjere det beste ut av livet ditt. Men fyrst skal vi tre år tilbake i tid.  

Laga brettspel om heimlandet 
Dei to bestevenninnene på 24 år var ferdige med å studere i 2009, berre månader etter at den økonomiske katastrofen hadde råka landet.  Dei bestemte seg for å byrje for seg sjølve, og skipa eige verksemd. Fyrst laga dei brettspelet Heilaspuni om det islandske samfunnet.  

– I byrjinga så var det ikkje så mange som hadde trua på oss, men etter kvart byrja folk å tru på det vi dreiv med, fortel Sesselja.  

Brettspelet vart veldig populært. Så dei heldt fram. Dei var nyfikne på korleis andre entreprenørar jobba, og bestemte seg for å lage ein film om unge web-entreprenørar.

LES OGSÅ: No er nynorsk Wordfeud her  

Vil motivere andre  
– Med filmen ynskjer vi å motivere andre til å skipe verksemder. Vi ynskjer å reise og møte alle entreprenørane, og lære frå dei, seier Sesselja. I filmen får du møte mellom anna gründerane bak Vimeo, Soundcloud, Kiip, InDinero, Dropbox, og Foodspotting.  

Her kan du sjå ein smakebit av filmen The Startup Kids:

Filmen vert no vist på konferanse rundt omkring i heile verda. Og Sesselja og Valgerdur er i gang med ein turné på skular på Island. Etter kvart skal denne turneen halde fram også internasjonalt. Dei har fått noko støtte frå EU til å lage filmen.  

Inntrykka dei sit igjen med etter å ha møtt alle entreprenørane, er overveldande.  

– Det har opna auga våre. Det er ein stor motivasjon å møte alle menneska og utvide nettverket vårt. Som gründer vil ein gjere hundrevis av feil, og det vil ein berre halde fram med. Sjølv om ein kan lære mykje av andre, lærar ein alltid best av sine eigne feil. Som gründer må ein leggje ned mykje hardt arbeid, og smart arbeid, seier Sesselja. Dei tre siste åra har dei lagt ned svært mykje arbeid. Og då er det kjekt å få betalt for det. 

 – Når vi får tilbakemeldingar frå folk om at dei likar det vi gjer, er det verdt meir enn pengar. Det er det aller beste som skjer. Vi får mange tilbakemeldingar på Twitter og Facebook. Det motiverer oss til å halde fram arbeidet, seier Sesselja.  

LES OGSÅ: Norden satsar på kultur

Ideen kom plutseleg  
Dei unge sjølv merkar at det vert fleire og fleire som ynskjer å skipe eiga verksemd på Island. Ein av dei andre som har gått i gang sjølv, er Björn Steinar Jónsson. 25 år gamal kom han opp med ideen om å byrje utvinning av salt ein liten landsby på Island. Han var då nett ferdig med å studere ingeniør management i København og det var svært vanskeleg å få jobb i heimlandet.  

– Ideen kom vel som mange andre gründeridear, over ein kopp kaffi. Derifrå byrja jobben med å finne ein egna stad og finne ut korleis salt eigentleg vert danna og slikt.  

Björn starta opp verksemda i 2011 og kan fortelje at utsiktene er gode.  

– Det går veldig bra no. Sjølvsagt er det mykje jobb når ein byrjar opp slik, men så langt har det gått over all forventning. No er vi fire tilsette i verksemda.

LES OGSÅ: – Soleis gjer vi det

Vil laga verdas beste salt  
Framover er målet å vekse endå meir. Men kvalitet er viktigare enn storleik for verksemda Saltverk.   

– Vi ynskjer å lage verdens beste salt ved å bruke dei beste ingrediensane, salt frå reint og klart arktisk sjøvatn utvunne ved hjelp av miljøvennlege metodar, seier Björn.   Han merkar at stadig fleire unge er positive til å skipe eiga verksemd.  

– Det er generelt ein positivitet som rår no. Ein kan òg få mykje hjelp, i form av råd, pengestøtte og nettverk.

QUIZ: Kva kan du om Island?  

Gjer livet til ein leik  
Tilbake i fjerde etasje over banken. Her har dei to bestevenane no laga applikasjonen Kinwins, som skal gjere livet ditt om til eit spel. Jo flinkare du er til å prestere, jo fleire poeng får du. Gründerane ynskjer å motivere folk til å gjere sitt beste, anten det gjeld trening, matlaging eller utdanning. Applikasjonen er førebels berre tilgjengeleg på islandsk, men kjem også på engelsk.  

Kvifor meiner du fleire unge bør skipa si eige verksemd?  
– Det er ein unik moglegheit no, fordi det er så mange verktøy online ein kan nytte seg av.

Sesselja meiner det er for lite fokus på entreprenørskap i skulen, at elevar og studentar vert lært opp til at det å vere tilsett er det vanlege og det beste.  

– Når økonomien mange stader vert dårlegare og dårlegare, vil det ikkje vere så mange arbeidsplassar som det er behov for. Då må folk skipe sine eigne arbeidsplassar.  

Les fleire sakar om entrepenørskap her!