– Umogleg å verte flink innan sjølvforsvar på så kort tid

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gir falsk tryggleik

Tjue kvinnlege studentar hadde møtt opp for å ta del på det gratis sjølvforsvarskurset som var arrangert av Lions Club Trondheim Stundent i samarbeid med NTNUI. Leiaren for undergruppa Qwan Ki Do, David Lamignan Larsen leia kurset. Sjølv er han skeptisk til utbyttet dei kvinnlege studentane får ut av kurset.

– For å klare å forsvare seg på ein god måte, må ein ha refleks, kondis og koordinasjon. Alt dette får ein ikkje i løpet av nokre timar på kurs. For å bli flink innan Qwan Ki Do må ein trene det regelmessig, forklarar han.

Regelmessig
Om du trenar dette fleire gongar i veka, vil både kroppen og hovudet ditt bli vandt med sporten, og du vil vite kva du skal gjere dersom du kjem i ein truande situasjon, forklarar Lamignan Larsen. Han meinar at det ikkje er nok med nokre timar.

– Om du har lært eit par triks, så er det sannsynelig at du vil gløyme kva du har lært etter ei stund. Då kan det hende du må bruke ekstra tid på å prøve å hugse det du har lært, og brukar difor lengre tid på å reagere på det som skjer, påpeikte Lamignan Larsen.

LES OGSÅ: Strøymer til sjølvforsvarskurs

Arrangør, Berit Sæteren var enig i påstanden til Lamignan Larsen, og fortalte at dei difor hadde stort fokus på å lære vekk viktige forhåndsreglar.

– I tillegg til å lære fyisiske triks, så lærer ein også å bruke hovudet her på kurset. Det er fleire tiltak ein kan gjere for å prøve å forhindre overfall, som til dømes å ikkje ta pirattaxi, ikkje verte overstadig berusa, og passe på kvar ein går når ein er aleine. Politiet har mange gode råd når det gjeld dette, og vi inviterte dei difor hit så dei kunne fortelje deltakarane dei mest nødvendige tinga, sa ho.

Redde liv
Sjølv om Lamignan Larsen meinar det er umogleg å verte flink innan sjølvforsvar på så kort tid, så fortel han at han fokuserar på å lære vekk enkle og effektive triks.

– Ein enkel teknikk kan redde liv, difor har eg valgt å lære vekk dei mest grunnleggande. Om deltakarane hugsar desse, har dei iallefall eit utgangspunkt for å lære meir seinare, sa han, og påpeikte at han håper at dei forsetter å trene på kampsporten.

Nødvendig
Kursdeltakar Ellen Anette Sørensen meiner at det er nødvendig at kvinner lærer seg sjølvforsvar.

– Ein høyrer mange skumle historier, og då vert ein sjølvsagt redd for å gå ut aleine. Eg trur ikkje eg kjem til å bli nokon ekspert i løpet av dagen, men eg håper difor at vi lærer noko såpass enkelt at eg hugsar det i farta, sa Sørensen

Under kurset var det også mogleg å stille spørsmål til instruktøren, og det var fleire som var nyskjerrige på korleis ein skulle kome seg ut av ymse situasjonar.

Kva gjer eg om eg vert trua med kniv?, spurde ein av deltakarane.

– Det er mange tilfeller du kan bruke sjølvforsvar i, men om det skjer, så vil eg anbefale deg å springe veldig,veldig fort, sa Lamignan Larsen.

LES SAKA I DUSKEN!