Desse yrka er mest slitsame

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvar tredje arbeidstakar opplever at dei ofte eller alltid er utslitne etter at dei kjem heim frå jobb, syner tal frå Arbeidslivsbarometeret til fagforeininga YS. Den årlege undersøkinga, som er utført av Arbeidsforskingsinstituttet (AFI) i samarbeid med Gallup for YS, består av drygt 3.000 tilfeldig utvalde arbeidstakarar frå web-basen til Gallup.

Det er store variasjonar mellom bransjane. I restaurantbransjen er dei mest slitne. Der svarer over halvparten (53,3 prosent) at dei alltid eller ofte er slitne etter jobb. Andre slitsame yrke er skule og barnehage, der drygt 40 prosent ofte eller alltid er slitne når dei kjem heim frå jobb, og barnevern og sosialtenester, også drygt 40 prosent.

Fleire kvinner enn menn opplyser at dei alltid er slitne når dei kjem heim frå jobb. 8,9 prosent av kvinnene og 3,6 prosent av mennene er alltid utslitne når dei er ferdige på jobben. Forskarane i AFI peiker på at dette kan henge saman med at to av dei mest slitsame yrka, skule og barnehage og barnevern og sosialtenester er typiske kvinneyrke.

Dei som sjeldnast er utslitne etter arbeidsdagen er dei som arbeider innan bank, finans og forsikring, der kring 35 prosent sjeldan eller aldri opplever at dei er utslitne etter jobb. Også i bransjane innan kultur, idrett og organisasjonar, og olje, gass og energi er mange som sjeldan eller aldri vert utslitne. (©NPK)