Kvarts for 50 milliardar?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Prisnivået for høgrein kvarts ligg på mellom 4.000 og 8.000 dollar per tonn. Tek ein utgangspunkt i den lågaste prisen og dagens valutakurs, kan kvartsførekomsten i Kvinnherad, estimert til 2, 7 millionar tonn, vera verd opp mot 60 milliardar kroner dersom alt er høgreint.

For tidleg
Utforskingsleiar Mona Schanche meiner det er for tidleg å seia noko om verdien av kvartsen, men at prisnivået og mengda kvarts er positive signal.

– Vi vil ikkje snakka om beløp enno. Men det er klart at investeringskostnaden er stor i gruvebransjen, og ein må kunna visa til mange års drift og at investorar får tilbakebetalt pengane sine innanfor rimeleg kort tid. Då må du ha eit visst inntekstnivå.

LES OGSÅ: Gigantisk gullklump passerer Jorda

Kartlegg økonomi
Schanche seier at prosjektet i Kvinnherad er lite i gruvesamanheng, og at det eventuelt vil vera snakk om produksjon av eit lite volum kvarts i året. Marknaden er liten, derfor vil ein ikkje få selt unna 2, 7 millionar tonn over kort tid. Men Nordic Mining driv no og undersøkjer nettopp dette, kor mykje pengar det kan vera å henta i Kvinnherad – eit såkalla «scopingstudie» som skal vera ferdig i midten av november.

– Studien vil inkludera evaluering av markeds-, utvinnings- og prosesseringsutsikter, samt førebelse økonomiberekningar for prosjektet.

Det er framleis mange forhold rundt prosjektet som det er knytt uvisse til, og som må kartleggast før det eventuelt kan konkluderast med oppstart av gruvedrift.

Kan vera større
Nordic Mining har tidlegare estimert volumet på kvartsen til å vera på 2, 7 millionar tonn, basert på at kvartsåra er 12 meter brei, 600 meter lang og 150 meter djup. Men nye målingar viser at kvartsen kan vera meir utbreidd, og at åra kan vera større.

– Estimeringa vi gjorde i starten var basert på overflatekartlegging. Men med desse nye magnetiske målingane kan ein sjå ned i bakken og danna deg eit tredimensjonalt bilde av korleis kvartsåra strekk seg mot grunnen. Det viser seg at kvartsåra kan vera djupare, heilt ned til 300 meter, og at den kan vera breiare enn vi først kartla. Dette vil vi følgja opp med fleire undersøkingar og etter kvart også boringar.

LES SAKA I KVINNHERINGEN!