Får sjokk om Romney vinn valet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag går amerikanarane til valurnene for å velja kven dei vil ha som president dei neste fire åra. Barack Obama eller Mitt Romney. Dei siste målingane tyder eit knapt fleirtal for Obama.

Amerikanaren Jonathan Zaneski (42), som no bur på Agdestein på Stord, har berre tru på at det vert ein vinnar. Sjølv om han ikkje har stemt.

– Eg trur Obama vinn. Om Romney vert president, vert eg sjokkert, seier han.

LES OGSÅ: Siste sjanse for republikanarane

Business
Zaneski vaks opp i staten der Romney var guvernør mellom 2003 og 2007, Massachusetts. Han har ikkje trua på Romney uansett.

– Det er berre snakk om business og business for Mitt Romney. Han vil ikkje kutta skattane for dei rike, men leggja på for dei i middelklassen. Obama er meir ein mann for middelklassen, meiner han.

QUIZ: Kva veit du om amerikansk politikk?

Zaneski kom frå USA til Stord for 20 år sidan. I løpet av dei åra har han endra synet sitt på korleis ting heng saman.

– Før meinte eg at USA hadde det einaste systemet som fungerte. Men når ein skal til lege i USA må forsikringsselskapet godkjenna kvar einaste prøve du tek. Her i Noreg treng du ikkje å spørja forsikringsselskapet om å godkjenna prøver når du er til legen. Du tek dei prøvane han meiner er naudsynt, seier 42-åringen.

Pengar
Slike ting vert alltid eit diskusjonstema når Zaneski snakkar med sin far i USA. Faren er tilhengjar av Mitt Romney.

– Dette kjem nok av at han har nok pengar, og klarar seg sjølv. Då tenkjer ein slik, seier han.

LES OGSÅ: Presidentvalet på nynorsk

Ingrid V. Johannessen (60) er òg amerikansk statsborgar og bur på Stord. Ho flytta frå Utah då ho var barn. Heller ikkje ho har trua på Romney.

– Eg trur at Obama vinn valet, seier ho.

Johannessen fekk heller ikkje stemt til valet, i dei to vekene ho hadde sjansen. Førehandsstemming måtte skje på den amerikanske ambassaden i Oslo.

– Hadde eg stemt, hadde Obama fått mi stemme, seier ho.

LES SAKA I SUNNHORDLAND!